I løpet av 2020 skal det utlysast ein utviklingskontrakt for hurtigbåt i Vestland fylkeskommune og eit anbod for hydrogenferje på Vestfjorden. Me gir deg status på anbodsprosessane.
Offentlege innkjøp har ein svært viktig funksjon i å få fram ny miljøteknologi og bidra til kommersialiseringa av denne. Industrien ventar no utolmodig på to anbod som vil væra svært viktige både for teknologiutviklinga og for aktiviteten i norsk industri:
Nullutsleppsfartøy og utviklingskontrakt for hurtigbåt i Vestland
Den 3. desember 2019 vedtok fylkesutvalet i Vestland fylke at åtte av fylket sine hurtigbåtar skal ha nullutslepp så raskt som mogleg frå mai 2022 og seinast innan mai 2024. Følgande forslag vart vedtatt:
« Fylkesutvalet ber om snarast mogleg innfasing av nullutsleppsløysingar frå 2022 og seinast 2024 (…)
Rutepakke 2 og 3 vert gjennomført med utlysning så raskt som mulig slik dei var planlagt av administrasjonen i Sogn- og Fjordane, men med moglegheit for justeringar i tråd med innspel som kom i høyringsprosessen (t.d. hybridifiseringgrad etc.)
For rutepakke 1 ønskjer ein å gjennomføre ein alternativ anskaffingsprosess, til dømes ein utviklingskontrakt, der målet er muligheit til nullutslippsløysingar frå oppstart av ny kontrakt frå mai 2022, og krav til det seinast innan 2 år inn i ny kontraktsperiode frå 1.mai 2024.»
Rutepakke 1 omfattar fire båtar som køyrer mellom Bergen-Sogn/Nordfjord, og alle fartøya skal driftast med nullutsleppsløysingar seinast frå mai 2024. Rutepakke 2 og 3 består av båtar som køyrer kortare ruter og saktare enn båtane i rutepakke 1.
– For rutepakke 1 vil me komma med eit høyringsdokument i løpet av juni, der me skisserer strategiske vegval og gir industrien moglegheit til å gi innspel på desse, seier spesialrådgivar i Skyss, Einar Aalen Hunsaker.
Fylkeskommunen har tidelgare uttrykt at dei ynskjer å få ut utviklingskontrakten så fort som mogleg
– Den politiske ambisjonen om nullutsleppsdrift frå mai 2024 står ved lag. Men tidslinja og oppstartsdato er noko av det me vil spørja om innspel på i høyringsdokumentet, seier Hunsaker.
Rutepakke 2 omfattar lokalbåtruter i Bremanger, Kinn, Vik og Høyanger kommune. Desse rutene vert i dag drifta med 6 fartøy som held ei gjennomsnittleg fart på mellom 23 og 28 knop. 4 av desse fartøya er såkalla kombifartøy som fraktar personbilar, vogntog og gods i tillegg til passasjerar. Vedtaket frå Vestland fylkeskommune inneber at fire av båtane i rutepakke 2 skal bli nullutsleppsbåtar (eventuelt hybrid om det gir betre kost/nytte).
Gjennom dialogmøte med næringa gjennomført i samarbeid med Trøndelag fylkeskommune er det konkludert med at det er mogleg å nytte nullutsleppsløysingar for dei aktuelle rutene i Rutepakke 2. Den teknologiske risikoen er vurdert som relativ liten og interessa i marknaden som relativt stor. I Fylkesmannen si vurdering heiter det: «Fylkesrådmannen vurderer at det politiske vedtaket er teknisk gjennomførbart. Det gjenstår ein del aktivitetar for å sikre høgast mogleg miljøvinst til lågast mogleg kostnad. Dette er naudsynt for å sikre statleg medfinansiering i tråd med vedtaket.»
Desse aktivitetane skal gjennomførast framover, og omfattar dialog med kommunane kring det faktiske transportbehovet, ei energistudie av korleis ulike hybridgradar påverkar kostnadar og utslepp innafor teknisk handlingsrom og ei høyring i marknaden knytt til strategiske val og kontraktkrav. Fylkesrådmannen tek framleis sikte på å kunngjere konkurransen i 2020.
Hydrogenferje på Vestfjorden
Statens vegvesen ønskjer hydrogenferje på sambandet Bodø-Røst-Moskenes i Nordland. Mykje tyder difor på at Vestfjorden-sambandet kan bli Norges andre samband med hydrogenferjer.
– Ambisjonen vår er at sambandet skal ut på anbod i løpet av 2020, med tildeling før nyttår. Me har sendt vår tilråding til Samferdselsdepartementet, og denne tilrådinga omfattar ei ferje som går på ein betydeleg andel av straum produsert i brenselceller med hydrogen som drivstoff, seier Edvard Sandvik.
Utlysing av anbod er dermed avhengig av kor fort regjeringa handsamar saka. I følgje Samferdselsdepartementet vil ikkje dette skje før etter sommaren. Kontraktsoppstart er hausten 2023. Sambandet er 278 km langt, og vert i dag drifta av Torghatten Nord med to LNG-drivne ferjer.
Noregs første hydrogenferje, på sambandet Hjelmeland-Skipavik-Nesvik, skal driftast av Norled frå oktober 2021.