Höegh LNG har brei erfaring og infrastruktur for LNG rundt om i heile verda. Som nytt medlem i NCE Maritime CleanTech håpar bedrifta å læra meir om hydrogen og ammoniakk.

– På den eine sida er me veldig gode på LNG, altså flytande naturgass. På den andre sida er me «heilt grøne» på andre mogelege drivstoff, som hydrogen og ammoniakk. Det ønskjer me å endra på no, seier Ragnar Wisløff, endringsleiar i Höegh LNG.

Höegh LNG er eit av dei siste tilskota i NCE Maritime CleanTech.

– Me har eit litt anna fokus enn det me har sett hos fleire av dei andre medlemsbedriftene. I klynga finst allereie mange utstyrsprodusentar, tenesteleverandørar og forbrukarar. Men i verdikjeda treng ein også infrastruktur. Infrastrukturen er limet mellom dei ulike ledda i verdikjeda, seier Wisløff.

Flytande naturgass

Som namnet tilseier driv selskapet i dag med flytande naturgass, og har gjort det i ei årrekkje. Med sine  FSRUar (floating storage and regasification units), som er i full drift på strategiske stader rundt om i verda, er Höegh LNG ein sentral aktør på verdsmarknaden.

– Importterminalar for naturgass gjer beslag på eit utruleg stort areal, og då gjerne på industristader og i hamner, som kan nyttast til andre ting. Difor har me bygd FSRUane våre. Dei treng ikkje anna kopling til land enn eit røyr å føra gassen i. Elles er dei fullstendig sjølvdrivne, fortel Wisløff.

Höegh LNG sine flytande mottaksanlegg ligg i dag mellom anna i Kina, Indonesia, Litauen og Colombia.

 

Vil utvikla teknologien

Sjølv om LNG er det reinaste fossile brenselet, er det likevel utslepp involvert.

– Difor vil me no læra meir om hydrogen og ammoniakk frå andre aktørar i NCE Maritime CleanTech. Etter mange år i bransjen, føler eg meg trygg på at teknologien for å få bygd nye mottaksanlegg til å ta imot hydrogen og ammoniakk kjem, seier Wisløff.

Han er klar på at det er mange fordelar ved å ha flytande mottaksanlegg.

– Det vil alltid vera smartare å produsera hydrogen og ammoniakk på høvande stader, anten det er i samband med mykje vind, fossar eller sol. Veldig ofte er det ikkje på desse produksjonsstadene den beste marknaden for produktet ein lagar er. Då må det fraktast vidare og der er me gode, seier Wisløff, og legg til:

– Teknologiutvikling er veldig viktig. Men for å lukkast å tena pengar på det ein gjer, så må ein komma seg ut i marknaden. Då må ein vera budd på å konkurrera mot eksisterande maktstrukturar, som til dømes politiske eller kulturelle utfordringar. Med lange driftsavtalar rundt om i verda, veit me at me er gode på å forhandla fram slike avtalar. På same måte som me har ting me er gode på, veit andre utruleg mykje om ting me ikkje kan. Om me alle bidrar med styrkane og kunnskapane me har, vil summen av enkeltbidrag vera så stor at det kan få ein verdi, seier Wisløff.