Klyngepartnar Wärtsilä skal utføra verdas første langtidstest av ammoniakk som drivstoff i ein marin firetakts forbrenningsmotor. Testen skal utførast hos Sustainable Energy katapultsenter på Stord.

Willie Wågen frå Sustainable Energy katapultsenter (i midten) saman med Kjell Storelid og Egil Hystad i Wärtsilä.

Testen vert gjennomført i nær samarbeid med ein anna klyngepartnar, Knutsen OAS Shipping AS, og Repsol. Testinga er mogleggjort av eit tilskot på 20 millionar kroner frå Forskningsrådet sitt program for ny teknologi i petroleumssektoren DEMO2000. Pengane er løyva gjennom tiltakspakken vedtatt av Stortinget.  NCE Maritime CleanTech har hatt ei aktiv rolle i søknadsprosessen.

Ammoniakk er eit lovande, karbonfritt drivstoff, i ei tid der skipsfarten utforskar korleis den skal oppfylla IMOs visjon om å redusera klimagassutsleppa frå skipsfarten med minst 50 prosent innan 2050. Ammoniakk har dessutan eit enormt potensial til å forsyna grøn energi til avsidesliggjande kraftsystem, for eksempel offshoreinstallasjonar på norsk sokkel.

– Me er veldig glade for å utforska og forstå forbrenningseigenskapane til ammoniakk som eit karbonfritt drivstoff i ein av våre Multi-Fuel-motorar, seier Egil Hystad, i Market Innovation, Wärtsilä.

Lagrings- og forsyningssystem for ammoniakk vil bli konstruert og utvikla for maksimal personsikkerheit, parallelt med at handteringssystemet for drivstoffgass blir utvikla som ein del av EU-prosjektet ShipFC. I dette prosjektet, som vert koordinert av NCE Maritime CleanTech, skal ei ammoniakkdriven brenselcelle testast på Eidesvik Offshore sitt supplyskip «Viking Energy».

Frå testing til reelle operasjonar
Testen skal utførast på Sustainable Energy katapultsenter for fornybar energi på Stord, der NCE Maritime CleanTech er ein av eigarane.

– Me er veldig glade for å vera ein del av dette prosjektet, som vil undersøka ammoniakk sine eigenskapar som drivstoff. Prosjektet stadfestar at våre testfasilitetar og norsk industri har ein verdsleiande posisjon innan testing og utvikling av løysingar for bruk av maritimt karbonfritt brensel, seier Willie Wågen, administrerande direktør i Sustainable Energy katapultsenter. Senteret er ein del av Norsk katapult-programmet, som bidrar til etablering og utvikling av ein nasjonal infrastruktur for innovasjon. Programmet er drive av SIVA i tett samarbeid med Innovasjon Norge og Forskningsrådet, og er finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet.

Fullskalatesten kan bana veg for å ta ammoniakkmotorar vidare frå laboratoriestadiet og ut i ekte fartøyoperasjonar til sjøs i løpet av få år, og fleire reiarlag har allereie vist si interesse. Langtidstestinga vil også gi viktig innsikt i effekten av ein ammoniakkdriven motor, og andre tilhøyrande system og komponentar i eit fartøy, samt naudsynte sikkerheitstiltak og kva utslepp ein kan forvente.

Les meir her