Kina skal satsa på hydrogen og spår ein etterspurnad på 60 millionar tonn i 2050. 7000 fartøy i ulike kategoriar skal erstattast med nullutsleppsløysingar.

Hydrogen er ein sentral del av Kina sin framtidige energistrategi. Eit nytt skalleringsprogram skal hjelpa våre klyngepartnarar å utnytta moglegheitene den kinesiske hydrogensatsinga gir for norsk industri.

I samarbeid med Handelshøyskolen BI tilbyr NCE Maritime CleanTech eit seks månaders skaleringsprogram der våre klyngepartnarar vert invitert til å delta i samarbeid i ulike kinesiske utviklingsprosjekt. Formålet med programmet er å hjelpa selskap til å ta ein posisjon i utviklinga av den kinesiske hydrogenindustrien.

Ei massiv hydrogensatsing

I løpet av dei siste ti åra har Kina investert 750 milliardar USD i fornybar energi, noko som er dobbelt så mykje som USA. Denne satsinga har ført til at kostnadane for solenergi er redusert med 90 % på berre eit tiår. No legg landet til rette for ei like stor satsing innan hydrogen, med ein forventa etterspurnad på 60 millionar tonn i 2050.

Hydrogen vil vera ein sentral del av Kina sin fjortande femårsplan, og det skal utarbeidast ei rekkje program og utviklingsprosjekt. For våre partnarar er følgjande utviklingsprogram særleg relevant:

7000 commercial vessels (bulk, container and passenger) to be replaced by zero-emission solutions

  • Fleet operators central in conversion of fleet to an AI based solution
  • Establishing a Design centre to develop vessel platform with invited partners (incentives)
  • Leasing solution with governmental support

Programmet vert arranger i samarbeid mellom Handelshøyskolen BI, Tsinghua University, Beijing Tsinghua Industrial R&D Institute  (BTIRDI) som er ein hub for store hydrogenprosjekt i Kina, akseleratorar, ulike klynger og Innovasjon Norge.

Selskap som er interessert i å delta vil bli invitert til eit orienteringsmøte i august 2020.  Kontakt klyngeadministrasjonen på for å melda di interesse.