Veronica Charlotte Haugan, prosjektleiar innovasjon, NCE Maritime CleanTech.

Auka aktivitet, fleire medlemsbedrifter og større prosjekt har ført til at klyngeadministrasjonen har dobla seg på eitt år. Veronica Charlotte Haugan er siste tilvekst om bord.

– Eg er veldig glad over å få mogelegheita til å bli ein del av den dyktige klyngeadmnistrasjonen i NCE Maritime CleanTech. Eg håpar mi erfaring og mine kunnskapar innan sikkerheit rundt nye energiberarar i den maritime sektoren kan vera med å bidra til at ny teknologi blir utvikla, og implementert i samarbeid med våre klyngepartnarar. På den måten er me alle med på å løysa klimautfordringane me står ovanfor, seier Haugan.

Veronica Charlotte Haugan starta i sin nye jobb som prosjektleiar innovasjon i midten av august.

Hydrogen-ekspert

Haugan har ein mastergrad innan brannsikkerheit frå Høgskulen på Vestlandet, med fordjuping innan sikkerheitsutfordringar ved bruk av flytande hydrogen som framdrift på skip.

Dei siste ti åra har ho jobba med sikkerheit på skip og flyttbare innrettingar i Sjøfartsdirektoratet. Dei siste fire åra har ho spesialisert seg innan ny teknologi og nye energiberarar, som batteri, hydrogen og andre hydrogenbaserte drivstoff.

– Eg har alltid hatt ei stor interesse for tryggleiken rundt introduksjonen av nye framdriftssystem, noko som starta med LNG for 11 år sidan, seier Haugan.

NCE Maritime CleanTech sin nye prosjektleiar har også arbeidd med internasjonalt regelverksarbeid i IMO og EMSA. Haugan har vidare vore inspektør på flyttbare innretningar, prosjektleiar og ho har god kjennskap til risikovurdering og risikostyring.

– Med si solide bransjeerfaring og kunnskap innan arbeidet med nye energiberarar blir Veronica ein god og viktig ressurs for partnarane i klynga framover, seier Hege Økland, administrerande direktør i NCE Maritime CleanTech.

Aukande aktivitet

Det siste året har NCE Maritime CleanTech hatt ei sterk auke i talet på medlemsbedrifter. Med stadig fleire store prosjekt, både nasjonalt og internasjonalt, har klyngeadministrasjonen vakse parallelt med medlemsauken. I september i fjor var det fire personar som jobba i klyngeadministrasjonen. Eitt år seinare er det ni.

– Aktiviteten til NCE Maritime CleanTech har auka kraftig det siste året. Det er både positivt og viktig at stadig fleire bedrifter no ønskjer å gjera ein innsats for å kutta klimagassutsleppa sine. I løpet av det siste året har me meir en dobla talet på tilsette i klyngeadministrasjonen for å møta den aukande aktiviteten i den maritime sektoren, seier Økland.

Klynga nærmar seg no 120 medlemsbedrifter.

– Veronica Charlotte Haugan er den siste som byrja hjå oss. Hennar ekspertise innan sikkerheit knytt til hydrogen og andre nye energiberarar kjem både administrasjonen og medlemsbedriftene våre til å nyta godt av. Ho kjenner også den maritime sektoren godt etter ti år i Sjøfartsdirektoratet, seier Økland.