Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune har vedteke at det skal inngås ein pilotkontrakt for uttesting av nullutsleppsteknologi for hurtigbåtar i Vestland. No ber dei industrien om innspel.

Fylkeskommunane Vestland, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark ønskjer å arbeide saman om å gjennomføre eit felles utviklings- og demonstasjonsløp som inneheld design, bygg og pilotdrift av eit par utsleppsfrie hurtigbåtar. Desse ser då føre seg parallelle utviklingsløp med hensikt å ta fram ulike design som deretter kan byggast, piloterast og settast inn i drift i dei ulike fylkeskommunale sambanda.

Frå dei fire fylkeskommunane er det ønskjeleg å etablere ein felles prosjektorganisasjon som har i mandat å gjennomføre dei ulike fasane i dei ulike pilotkontraktane. Ettersom samarbeidsprosjektet og tilhøyrande organisering ikkje er endeleg fastsett, vert førespurnaden om innspel frå industrien no sendt ut frå Vestland fylkeskommune. Den handlar i hovudsak om Vestland fylkeskommune sin pilotkontrakt, men med eitt tillegg frå Troms og Finnmark fylkeskommune.

– Eit energiskifte i hurtigbåtsektoren vil innebera at ny teknologi må etterspørjast og utviklast, og Vestland fylkeskommune sin pilotkontrakt er eit svært viktig steg i denne utviklinga. Teknologien som vert utvikla for denne piloten vil også mogleggjere nullutsleppsdrift for andre fartøystypar, som cruiseskip, fraktefartøy og offshorefartøy, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTehc, Hege Økland.

Pilot klar i 2024

Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune vedtok den 29. september ei utlysing av ein nullutsleppspilot. Administrasjonen i Vestland fylkeskommune arbeider no med å planlegge og detaljere ein slik pilotkontrakt. Her ønskjer dei å nytte ein konkurranse- og kontraktsform som lar fleire tilbydarar konkretisere sine designløysingar for nullutsleppsfartøy. Opptil tre design skal førast fram til førebels godkjenning og vere prisbare. Fylkeskommunen vil velje ut eitt av fartøydesigna som skal byggast i fullskala, testast, godkjennast endeleg og demonstrere nullutsleppsløysinga under reelle driftstilhøve.

Oppdragsgjevar ønskjer at pilotfasen vert sluttført i løpet av 2024. I eit høyringsnotat ber fylkeskommunen no om innspel til korleis prosessen best kan gjennomførast, blant anna med tanke på energiforsyning, eigarskap, rolla til operatør og lengd på pilotfase.

Høringsnotat- Pilotkontrakt i Vestland FylkeskommuneI høyringsnotatet heiter det: Vestland fylkeskommune ber no industrien om innspel til korleis fylkeskommunen bør utforme ein pilotkontrakt for utsleppsfri hurtigbåtdrift slik at marknaden kan få tryggleiksgodkjend og demonstrert til dømes hydrogenfartøy.

Førespurnaden om innspel går ut til energiforsyningsaktørar, systemintegratorar og underleverandørar, verft og reiarlag.

Innspel og tilbakemeldingar på spørsmåla i notatet under må sendast til Vestland fylkeskommune innan 2. november 2020 kl. 23:59 – til  .

Høyringsnotat – Pilotkontrakt i Vestland Fylkeskommune