Heile ni nye selskap vart tatt opp som partnarar i NCE Maritime CleanTech i desember. Interessa for deltaking i klyngesamarbeidet har aldri vore større.

ABB, SINTEF, Matre Maskin, Lift Ocean, Thoria, Napier Powerzeek, Breeze Ship Design og Tresmarka er alle nye partnarar i NCE Maritime CleanTech. Klynga tel no totalt 134 deltakarar.

Dei nye partnarane strekkjer seg frå mindre oppstartsselskap til solide, erfarne konsern. Samstundes er både offentleg og privat sektor representert. Aldri har styret i klynga akseptert så mange partnarar på ein gong, og aldri har klynga hatt fleire medlemsbedrifter.

— Eg er glad for å sjå at klynga blir styrka på ei rekkje område, og at me er i stadig vekst. At styret hadde så mange kvalifiserte søknader å ta stilling til understrekar klynga sin relevans i den maritime næringa, seier adm. dir. i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Dei nye klyngepartnarane er:

ABB
ABB har ein viktig posisjon som leverandør av kraft og automasjonsteknologi, og har ein eigen internasjonal divisjon som arbeider spesielt med maritime løysingar. ABB leverer framdriftssystem til ei rekkje typar fartøy, og arbeider aktivt for å utvikla utsleppsfri teknologi. ABB deltar også i EU-prosjekt saman med fleire av klyngepartnarar i NCE MCT, mellom anna i Flagships.

SINTEF
SINTEF AS er ein sentral forskings- og utviklingsaktør i Norge, og har eit teknologiutviklingsnivå i verdsklasse. Dei deltek i ei rekkje prosjekt finansiert av EU, og har ein sterk internasjonal posisjon innanfor naturvitskap og teknologi. SINTEF har eit stort testmiljø, laboratorium og kompetanse som kan vera veldig nyttig for klyngepartnarane sitt utviklingsarbeid.

Matre Maskin
Matre Maskin AS er ein global leverandør av brannslokkesystem for helikopterdekk, både til olje og gassinstallasjonar og til skip. Matre Maskin har kompetanse på sikkerheit knytt til nye, grøne teknologiar som kan vera nyttig å ha med i ulike innovasjonssamarbeid i klynga. Matre arbeider med standarder for slokkesystem. Dei har også levert system til ubemanna installasjonar offshore, og har nyttig erfaring frå utvikling av autonome løysingar. Selskapet ønskjer no å vidareutvikla eigen teknologi, og retta seg meir mot nye framdriftssystem.

Lift Ocean
Lift Ocean AS blei starta i desember 2019 og har på kort tid fått med seg investorar og etablert innleiande forskingsprosjekt. Selskapet skal utvikla hydrofoilsystem for passasjerbåtar. Teknologien handlar om framdrift, energikjelde, software, foilar, kontrollsystem og sensorar. Målet er å få båtar til å fly! Å forflytta seg sjøvegen er energikrevjande, spesielt i høg fart. Det er det Lift Ocean vil utfordra ved å redusera motstand, uavhengig av energikjelde.

Thoria
Thoria er eit relativt nyoppretta selskap som satsar på utvikling av thoriumreaktorar til bruk i framdriftssystem for båtar, i tillegg til landbaserte anlegg. Kjernekraftteknologi er eit stadig meir aktuelt tema når ein diskuterer aktuelle nullutsleppsteknologiar for skip, og eit fagområde klynga ikkje har sterk kompetanse på i frå før.

Napier
Napier har bløggebåtar og prosessbåtar som opererer på oppdrettsanlegg på Vestlandet. Selskapet har per i dag fire båtar, og planlegg bygging av fleire. Dei har bidratt til utviklinga av konsept og løysingar som er tatt i bruk i heile oppdrettsnæringa, mellom anna bruk av skyveskott i brønnbåtar og eigne prosessbåtar som slaktar fisk om bord. Napier deltar også i utviklinga av eit reinseanlegg for prosessvatn, for å redusera vassforbruk og utslepp. Napier har no fokus på å redusera utsleppa på sine fartøy ved å utvikla, testa og ta i bruk nye framdriftssystem og drivstoff.

Powerzeek
Powerzeek er ein drivstoffmeklar, som mellom anna driv ein online marknadsplass for reine drivstoff til yachtar og skip. Per i dag er dette i all hovudsak LNG, men selskapet har planar om å leggja til nye drivstoff framover. Gjennom å tilby ein transparent marknadsplass, ønskjer dei å gjera det lettare for yachtar og skip å finna og bruka reinare drivstoff, og å hjelpa drivstoffleverandørar å finna nye brukarar av reinare drivstoff. Powerzeek har hovudkontor i Bergen, men har også avdelingskontor i Palo Alto/ San Francisco Bay Area (USA), Vadodara(India) og i Budapest (Ungarn).

Breeze Ship Design
Breeze Ship Design AS er eit nyetablert skipsdesignselskap. Selskapet satsar på design av skip knytt til offshoreindustri, offshore vind, fiskeri og oppdrett, og er opptekne av eit sterkare fokus på dekarbonisering av marine operasjonar. Målet er å designa innovative fartøy med grøne løysingar, for nasjonale og internasjonale marknader. Selskapet spring ut av tidlegare Wärtsilä Ship Design, og er bemanna med solid innovasjonskompetanse. Dei har også fått vidareføra designporteføljen til Wärtsilä Ship Design.

Tresmarka
Tremarka AS er eit SPV-selskap for prosjektutvikling for Noregs og Europas første passasjerhamn utan utslepp – som dekkjer Vestlandsregionen. Selskapet, heileigd av Tertnes Holding AS, kontrollerer eigedom i Askøy kommune berekna for hamneutvikling som støttar internasjonale, nasjonale, regionale og lokale ferjer, cruiseskip og ein blå, havbasert bybåt. Prosjektet samarbeider allereie med leiande hamneprosjektutviklingsselskap i Noreg. Den nye hamna vil vera eit knutepunkt for levering av nytt drivstoff og landstraumløysingar regionalt til den maritime flåten. Vitek Group Nordic AS, med erfaring innan maritim avfallslogistikk, er òg ein kvalifisert partnar i utviklingsprosjektet.