NCE Maritime CleanTech søker ein person som kan bidra med god og effektiv prosjekt– og økonomistyring i eit spennande nyskapingsmiljø.

NCE Maritime CleanTech er ei verdsleiande næringsklynge med 135 deltakarbedrifter frå heile den maritime verdikjeda og energisektoren. Gjennom samarbeid utviklar me nye energieffektive løysingar og banebrytande miljøteknologi som reduserer skadelege utslepp frå maritime aktivitetar.

Vil du vera med på laget i arbeidet mot grøn vekst i Noregs viktigaste næring? Me har ei stadig aukande prosjektportefølje, og søkjer no:

Økonom/controller

Stillinga skal bidra med god og effektiv prosjekt- og økonomistyring. Arbeidet skjer i tett samspel med ein aktiv administrasjon, og involverer mange spennande aktivitetar saman med representantar frå både industri, forskingsmiljø, offentleg sektor og kapitalmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for økonomioppfølging i våre prosjekt
  • Budsjettarbeid
  • Rapportering internt og eksternt
  • Arbeid med innkjøp og kontraktar
  • Ansvar for rutinar knytt til økonomistyringa
  • Delta som prosjektressurs i utviklingsprosjekt
  • Delta i søknadsutforming til verkemiddelapparatet
  • Delta i forretningsutvikling
  • Andre administrative oppgåver

Me ønskjer at du har:

  • Høgare utdanning innan økonomi, revisjon, rekneskap eller finans
  • Minimum 3 års erfaring frå prosjektstyring, økonomi- og prosjektoppfølging
  • Interesse for innovasjonsarbeid
  • God evne til å samarbeida og skapa tillit hos dine samarbeidspartnarar
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonseigenskaper

Me kan tilby konkurransedyktige vilkår og spanande arbeidsoppgåver med gode kollegaer i ein framtidsretta organisasjon.

Arbeidsstad: Stord

Spørsmål om stillinga kan rettast til administrerande direktør Hege Økland tlf. 957 53 695 eller prosjektdirektør Håvard Tvedte tlf. 926 30 119. Me ønsker rask oppstart og søknader vil bli vurdert løpande, endeleg søknadsfrist er 7. februar.

Søknad skal sendast til