Arne-Christian Mohn (ordførar Haugesund), Frode Skaar (Direktør forretningsutvikling Westcon P&A), Margareta Lützhöft (professor Høgskulen på Vestlandet), Jarle Nilsen (ordførar Karmøy) og Veronica Haugan (prosjektleiar NCE Maritime CleanTech).

Sentrale partnarar går no saman og søker om å få etablera eit nasjonalt testområde for autonome fartøy på Haugalandet. Målet er å byggja framtidas løysingar for skipsfarten.

Ei rekkje leiande teknologiselskap, hamner, reiarlag og forskingsinstitusjonar ber no Kystverket og Sjøfartsdirektoratet om å etablera eit nasjonalt testområde for autonome fartøy i sjøområdet Sletta, Smedasundet og Karmsundet. Testområdet vil bidra til at norsk industri kan ta ein leiande posisjon innan løysingar for autonome operasjonar i maritim sektor. Automatiserte teknologiar, som for eksempel sjølvkøyrande båtar, vil også kunne bidra til å få fram utsleppsfrie og meir energieffektive aktivitetar til sjøs.

Store ambisjonar
Utviklinga av utsleppsfrie og automatiserte løysingar for sjøtrafikk går føre seg med stor kraft. Norge har ambisjonar om å leia an i dette arbeidet internasjonalt, og har mål om å bli den første flaggstaten med eit ubemanna skip i kommersiell drift. Kystverket og Sjøfartsdirektoratet samarbeidar difor om å leggja til rette for etablering av områder for testing av teknologiar og operasjonar for autonome fartøy. Slike områder gir norske aktørar unike mogelegheiter til utprøving av teknologiar med stort eksportpotensiale.

Aktuelt testområde i kart (Illustrasjon: Kartverket og NCE Maritime CleanTech)

Etter initiativ frå Haugesund kommune har 18 partnarar no etablert eit bredt samarbeid for å få på plass eit nytt nasjonalt testområde i området rundt Haugesund og Karmøy. Det er tidlegare etablert slike testområder ved Trondheim, Horten og på Sunnmøre, men testområdet på Haugalandet vil bli unikt på fleire områder.

– Eit testområde på Haugalandet er viktig fordi det vil gi nye mogelegheiter til å testa løysingar både i farvatn utan trafikk og med stor trafikk. Området har både bi-led og hoved-led og strekk seg over ulike fartsområder. I tillegg representerer Karmsundet ei av Norges mest trafikkerte skipsleder, slik at me verkeleg vil få utfordra teknologien, seier prosjektleiar i NCE Maritime CleanTech, Veronica Haugan, som har leia søknadsarbeidet.Partnarskapet som står bak søknaden representerer heile verdikjeda som er naudsynt for å testa ut autonome fartøy på ein sikker måte. Blant desse er to hamneselskap (Karmsund og Kopervik) med fire ulike hamnelokasjonar som dekker ulike segment som offshore, cruise, gods- og fiskeri.  Blant partnerane er også forskingsinstitusjonar og fleire selskap som tilbyr aktuelle løysingar for fjernstyring av fartøy.

– Eit nytt testområde for autonome fartøy på Haugalandet vil styrka samspelet mellom næringsliv, utdanning og forsking. Området kan også koplast til dei leiande testmiljøa som fins i regionen vår innan nye energiløysingar for maritim næring og flytande havvind, seier ordfører i Haugesund kommune, Arne-Christian Mohn.

Søknaden om nasjonalt testområde skal no handsamast gjennom dialog med Kystverket og Sjøfartsdirektoratet. Testområdet kan være operativt allereie i 2021.

Dei til saman 18 involverte partnarane i det sterke offentleg-private samarbeidsinitiativet er: Haugesund Kommune, Karmøy Kommune, Karmsund Havn, Kopervik Havn, Høgskulen på Vestlandet, NORCE, Deep Ocean, Massterly, Zeabuz, Marine Energy Test Centre, Simsea Real Operations, Reach Subsea, Westcon Power and Automation, Brødrene Aa, Kolumbus, Haugesund brannvesen, Sustainable Energy Catapult Centre og NCE Maritime CleanTech.

Kontaktpersonar:

  • Arne-Christian Mohn
    • Ordfører Haugesund kommune
    • Telefon 915 79 549
  • Veronica Haugan
    • Prosjektleder innovasjon NCE Maritime CleanTech
    • Telefon 473 31 497