Er du i ferd med å fullføre studiane eller har nyleg starta di karriere i arbeidslivet? Er du ein person som tør å tenke nytt og har ambisjonar for å bidra til å nå klimamåla? Då bør du søke deg inn på laget vårt. Me ser no etter ein dyktig, kreativ og ivrig prosjektutviklar! 

Maritime CleanTech er i vekst. Me brenn for berekraftig innovasjon, og saman med medlemsbedriftene våre utviklar me grønare løysingar for fartøy og infrastruktur. Hos oss får du erfaring med forretningsutvikling, strategi og teknologi og du blir raskt involvert i teamarbeid, prosjektutvikling og innovasjon. Den me ser etter har kapasitet til å drive fram fleire spennande løysingar, og vil raskt kunne få ansvar for prosjektleiing. Gjennom tett samarbeid med dei mange medlemsbedriftene våre vil du få tilgang til eit unikt nettverk av dyktige partnarar frå heile den maritime næringa. 

Arbeidsdagen hos oss er variert og dynamisk. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og mange spennande utfordringar i ei av Noregs viktigaste næringar.   

Oppgåver knytte til stillinga:  

  • Identifisere og utvikle innovasjonsprosjekt i samarbeid med bedrifter i klynga, offentlege aktørar og forskings- og utviklingsmiljø 
  • Utarbeide søknader til ulike verkemiddelordningar
  • Opptre som Maritime CleanTechs representant i gjennomføring av prosjekt med ulike medlemsbedrifter og eksterne partnarar
  • Samarbeide med ulike kompetansemiljø 
  • Utføre analysearbeid som underbygger og synleggjerer arbeidet i klynga  
  • Delansvar for oppfølging av medlemsporteføljen

Den me ser etter har: 

  • Høgare teknisk utdanning (M.Sc) innan relevante ingeniørfag som marin, maskin, energi, miljø, produktutvikling, produksjon, elektro, teknologileiing eller industriell økonomi
  • Kunnskap og interesse for utvikling av grøne løysingar til kyst- og havrelaterte næringar som offentleg transport, skipsfart, havbruk, fornybar energi og oljesektoren 
  • Gode munnlege og skriftlege formuleringsevner på norsk og engelsk 
  • Evne til strategisk og analytisk tenking 
  • Høg arbeidskapasitet, er nytenkande, positiv og motivert 
  • Sosiale eigenskapar med evne til å jobbe i team, skape relasjonar og bygge nettverk 

I tillegg er det ein fordel om du har relevant jobberfaring, gjerne frå maritime bedrifter eller prosjektutvikling. 

Maritime CleanTech er ei nasjonal klynge med hovudkontor på Stord og avdelingskontor i Bergen. Fleksible ordningar for arbeidsstad kan diskuterast. Noko reising må påreknast.  

Me tilbyr konkurransedyktige vilkår i eit av dei mest innovative og framoverlente næringsmiljøa i verda.

Korleis søke? 

Send oss ein cv og kortfatta søknad innan 20. januar. Bruk søknadsskjema her: https://www.finn.no/job/apply?adId=243896412.

Spørsmål om stillinga kan rettast til vår innovasjonsdirektør Øystein Huglen på e-post oystein@maritimecleantech.no eller på telefon +47 952 50 782.

Om Maritime CleanTech: 

NCE Maritime CleanTech har i over ti år vore ei leiande næringsklynge for samarbeid om utvikling av grønare skipsfart. Dei nær 150 klyngepartnarane kjem frå heile landet, og inkluderer alt frå små oppstartsbedrifter til store konsern knytte til maritim næring. Også forskingsmiljø, akademia, finansaktørar og offentlege aktørar deltar aktivt i klynga. Administrasjonen består av 12 medarbeidarar som bidrar til utvikling, demonstrasjon og lansering av energieffektive og miljøvenlege løysingar saman med klyngepartnarar og internasjonale nettverk. I tillegg til norske innovasjonsprosjekt er NCE MCT også involvert i fleire internasjonale konsortium, og fungerer som ein pådrivar for å hente europeisk støtte til norske partnarar.