Maritime CleanTech arrangerer tre høgaktuelle debattar i Arendal. Statsrådar, stortingspolitikarar og toppleiarar frå offentlig sektor og maritim industri blir med oss om bord på Vision of the fjords. Bli med du og!

– NCE Maritime CleanTech ser fram til å delta saman med våre industripartnarar på Arendalsuka i august. Dette er ein viktig arena for å synleggjera betydinga av grøne maritim omstilling for sentrale politikarar. På vegner av industrien er me opptatt av å finna fram til dei beste offentleg-private samarbeida som sikrar at me når komande utsleppskrav og klimamål, seier adm. direktør i Maritime CleanTech, Hege Økland.

På Arendalsuka samlast nasjonale politikarar, toppbyråkratar, media og aktørar frå norsk næringsliv for å diskutera høgaktuelle problemstillingar. Maritime CleanTech inviterer til tre debattar der både regjeringsrepresentantar, sentrale opposisjonspolitikarar og industriaktørar deltar (meir om delbattane i lenkene):

 


16. august 11:00-12:00: 7,5 år igjen til 2030: Korleis få eit norsk krafttak for grøn maritim omstilling?

Me er inne i eit avgjerande tiår. Rapportane er krystallklare. Om Noreg skal kutta klimagassutslepp frå innanriks skipsfart med 50 prosent innan 2030 må det byggast 138 nye null- og lågutsleppsskip i året, fram mot 2030. To av tre nybygg er baserte på fossilt drivstoff, og det kjem framleis byggemeldingar for nye skip som skal vara i 20-30 år utan at det er lagt opp til låg- eller nullutsleppsteknologi ombord.  

Industrien kan levera, men offentlege verkemidlar og insentiv er for svake. Det trengst eit samla norsk krafttak! 

Kva skal til for at å gjennomføra den store omstillinga? Korleis får me i gang marknaden for grøn skipsfart i alle segment? Og kva seier industrien? Rekk me 2030? 

Deltakarar:

  • Espen Barth Eide, Klima- og miljøminister, Arbeidarpartiet
  • Arild Hermstad, Nestleiar, MDG
  • Linda Hofstad Helleland, Stortingsrepresentant, Høgre
  • Alfred Bjørlo, Stortingsrepresentant, Venstre
  • Geir Bjørkeli, CEO, Corvus Energy
  • Gitte Talmo, CEO, Eidesvik
  • Morten Sundt, Manager Marine Operations, Equinor
  • Hege Økland, CEO, NCE Maritime CleanTech

 


16. august 14:30-15:30: Autonome bybåtar utan utslepp – eit nytt norsk transporteventyr?

Førarlause, sjølvkøyrande og utsleppsfrie: framtidas bybåtar kan løysa transportutfordringar over heile verda. ZAWAS-prosjektet har samla Noregs fremste ekspertar for å skapa rammene for det som kan bli Noregs neste transport- og eksporteventyr. Industrien kan levera det som trengst for at sjøtransport kan konkurrera med transport på land.  

Norske kommunar og fylkeskommunar kan utløysa dette industripotensialet ved å bestilla nullutsleppsbybåtar til sine kollektivruter. Kvifor gjer ikkje fleire det? Kva må til? Og – for å ta det vidare mot autonomi: Kva barrierar møter ein teknisk, regulatorisk, sikkerheitsmessig? Saman med representantar frå nasjonalt og lokalpolitisk nivå — samt næring — tar me debatten i Arendal! 

Deltakarar:

  • Kirsti Leirtrø, Stortingsrepresentant, Transportkomiteen, Arbeidarpartiet
  • Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant, Transportkomiteen, Høgre
  • Marianne Chesak, Fylkesordførar i Rogaland, Arbeidarpartiet
  • Natalia Antonia Golis, Fylkesvaraordførar i Vestland, MDG
  • Arne-Christian Mohn, Ordførar i Haugesund, Arbeidarpartiet
  • Bjørn Utgård, CEO, HYKE
  • Pia Meling, VP Sales & Marketing, Massterly
  • Erik Dyrkoren, CEO, Zeabuz
  • Torun Degnes, CEO, SAMS Norway og prosjektleiar i ZAWAS-prosjektet

 

17. august 10:30-11:30: Hydrogen for skipsfarten innan 2025: Kva må til?

Regjeringa har varsla ei betydeleg utbygging av infrastruktur for klimavenleg skipstransport innan 2025. Men dette er framleis berre ambisjonar på papiret.  

For mange skipstypar er hydrogenbaserte drivstoff løysinga for å kutta utsleppa. Ny energiproduksjon, nye distribusjons- og bunkringsmetodar, og nye framdriftsteknologiar representerer alle område der norske aktørar er verdsleiande. Potensialet for å bygga ny grøn verdiskaping er enormt. Men det hastar, me er allereie på overtid – og verdas energikrise gjer utfordringa større.  

Korleis skal me klara å realisera desse nye industrieventyra? Kva gjer me med kraftsituasjonen? Korleis kan me sikra gode energihubar langs kysten? Har me verkemidlane som trengst for å utløysa nødvendig investeringsvilje? 

Saman med representantar frå regjering, storting og industri tar Maritime CleanTech  debatten i Arendal! 

Deltakarar:

  • Andreas Bjelland Eriksen, Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Arbeiderpartiet
  • Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant, Høgre
  • Natalia Antonia Golis, Fylkesvaraordførar i Vestland, MDG
  • Nicolai Grieg, Managing Director, Grieg Edge
  • Magnus Ankarstrand, CEO, Yara Clean Ammonia
  • Jannicke Hilland, CEO, Eviny
  • Tore Enger, CEO, TECO 2030
  • Knut Nyborg, Managing Director Asset Development, Aker Horizons
  • Bjørn Sundland, Styreleiar, NCE Maritime CleanTech
  • Ivan Østvik, ressursgruppeleiar hydrogen og prosjektleiar, Norled
  • Håvard Tvedte, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, NCE Maritime CleanTech

 

Maritime CleanTech ønsker velkomen!

 

Meld deg på nyheitsbrev her for å halda deg oppdatert på kva som skjer i Maritime CleanTech.

 

For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Chris Jørgen K. Rødland (chris@maritimecleantech.no/mobil 454 38 428).