Maritime CleanTech hosted three popular events during the most important political gathering in Norway. Together with our trusted cluster partners, we made sure no one left Arendal without hearing our important messages.
Med det innovative nullutsleppsfartøyet Vision of The Fjords som kulisse, arrangerte Maritime CleanTech tre viktige debattar under Arendalsuka;
- 7,5 år til 2030: Korleis få til eit norsk krafttak for grøn maritim omstilling?
- Autonome bybåtar utan utslepp – eit nytt norsk transporteventyr?
- Hydrogen for skipsfarten innan 2025: Kva må til?
Med leiande aktørar frå den maritime næringa som innleiarar, sørgde Maritime CleanTech sine klyngepartnarar for at politikarane fekk med seg kva som skal til om Noreg skal ta ei leiarrolle i kampen for å kutta maritime utslepp globalt – og ikkje minst vera eksportør av løysingane som sikrar utsleppskutta.
– Takka vera mellom anna Maritime CleanTech er Noreg langt framme på nullutsleppsløysingar til nærskipsfarten. Førre veke fekk eg for eksempel vera med på ein seglas inn i framtida – om bord på verdas første heilelektriske hurtigbåt, «Medstraum». No gjeld det å få til det same med større fartøy som skal gå lengre. Maritime CleanTech blir viktige for å få dette til. Me treng samarbeid, eit engasjert næringsliv og ein aktiv stat, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.