Ny strategisk satsing skal løfte norske, grøne teknologiar inn i europeisk marknad.
– Vi må rigge oss for grøn maritim eksportnæring no, fordi det skjer no. I Noreg har me mange kompetente bedrifter og forskningsmiljø som er med på å utvikla dei løysingane verda treng – og difor er det viktig at me er på ballen når det gjeld eksport, seier statssekretær Even T. Sagebakken i Nærings- og fiskeridepartementet (Ap).
Europa står midt i den største maritime omstillinga på fleire generasjonar – og norske aktørar har utvikla dei grøne løysingane som trengst. Rederi, verft, utstyrsprodusentar, teknologiselskap, tenesteleverandører, og prosjektutviklarar: mange norske bedrifter har kompetansen og referanseprosjekta som gir konkurransefortrinn.
Gjennom Innovasjon Noreg si nye eksportsatsing for grøn maritim nærskipsfart, leia av Maritime CleanTech, får norske leverandørar inngangar til marknadene som no opnar seg i Europa. Her handlar det om å vere førstevalet når europeiske reiarar, hamner og myndigheiter skal investere i utsleppskutt.
– No er timinga god for å satse på grøne produkt og tenester. Me mobiliserer for å levere alt frå digitale komponentar og utstyr til heile energisystem, skip og skipsdesign, seier Øystein Huglen, direktør for teknologi og innovasjon i Maritime CleanTech.
Norske teknologiar først ute
– Norske leverandørar kan tilby komplette løysingar – frå design og produksjon til drift og service – på ein måte ingen andre land kan matche når det gjeld å kutte utslepp frå skipsfarten, seier Huglen.
Europa er nøkkelen – og Noreg treng Europa
– Norske aktørar har både referanseprosjekta og kompetansen som trengst. Saman skal me sørge for at dei får posisjonen dei fortener, seier Huglen.
Bli med i eksportløftet
-
-
Marknadsinnsikt frå prioriterte marknader
-
Direktekontakt med kundar og partnarar i nøkkelsegment
-
Tilbod om å delta i delegasjonar, messer og B2B-møte
-
Synleggjering av dine løysingar gjennom Team Norway-nettverket
-
Meld deg inn i gruppa her og bli med på eksportløftet. Etterspørselen aukar – no er tida for å posisjonere seg.