This article is in Norwegian
Strammare klimabudsjett utfordrar kursen mot grøne verdikjeder
Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2026 varslar innstramming i klimarelaterte løyvingar. Dette kan bremse den grøne maritime omstillinga.
Me treng føreseielege rammer for å halde farten i omstillinga – ikkje stoppeklossar i form av reduserte verkemiddel,
seier Ada Martine Jakobsen, administrerande direktør i Maritime CleanTech.
Pluss: Noko støtte til låg- og nullutsleppsløysingar – men klimakrav til hurtigbåtar må med
Forhøga CO₂-avgifter vil styrke prisinga av utslepp og stimulere til grønare val. Regjeringa legg opp til kompensasjon til fylka for utsleppsfrie ferjer.
Hurtigbåtprogrammet er føreslått vidareført. Det er bra med finansiering av pilotprosjekt, men teknologien treng modning gjennom å integrerast i kommersielle kontraktar. Då er det betre å bruke midlar på klimakrav til hurtigbåtar og kompensasjon til fylka for meirkostnadene.
Nullutsleppskravet til hurtigbåtar som blei lova innført i fjor, bør tilbake i revidert form. I staden for nullutslepp med ein gong, bør nye kontraktar frå 2026 redusera utsleppa med 60 prosent samanlikna med 2019, med stegvis opptrapping mot 95 prosent i 2030, seier Jakobsen.
I grøn bok blir det i tillegg varsla utgreiing av krav om landstraum i hamner i løpet av 2027.
Minus: Kutt i teknologiutvikling og kapitaltilgang
Føreslåtte kutt i Miljøteknologiordninga til Innovasjon Noreg, reduserte rammer til Enova og avvikling av låneordninga for miljøvenlege skip svekker moglegheiter til å validere og skalere nye løysingar i skipsfarten. Og til å utvikle nye verdikjeder for hydrogen, som er avgjerande for å lykkast med klimamåla på sikt.
Dette er eit alvorleg signal. Særleg i eit år der internasjonale rammeverk for prising av utslepp kjem på plass. Stabile og riskoavlastande tiltak er avgjerande for at norske miljø kan halde posisjonen internasjonalt, seier Jakobsen.
Behov for samarbeid og målretta eksportsatsing
Denne veka deltar Maritime CleanTech i IMO-forhandlingane om internasjonalt rammeverk for prising av utslepp frå skipsfarten. Det aukar behovet for norske løysingar.
I eksportarbeidet bør modne, samarbeidsbaserte innovasjonsmiljø med testinfrastruktur og dokumenterte resultat prioriterast. På vegner av norske industri- og FoU-aktørar tar Maritime CleanTech posisjonar i EUs arbeid for grøn maritim omstilling, posisjonar som bør vidareutviklast og utnyttast for raskare klimaeffekt, nye arbeidsplassar og eksport.
Når budsjetta strammar seg til, blir samarbeid om innovasjon og teknologiløysingar endå viktigare, understrekar Jakobsen.
Forsvar og grøn omstilling – same løft
Store investeringar i forsvarsflåten kan gi fart til grøn teknologi og industri.
Noreg har verdas mest komplette maritime verdikjede. Den kan bli den grøne industrimuskelen som òg styrker nasjonal tryggleik. Forsvarsinnovasjon og grøn maritim teknologi bør i større grad gå hand i hand, seier Jakobsen.
Vegen vidare
Maritime CleanTech vil halde fram med å arbeide for verkemiddel som gjer det mogleg å validere, skalere og kommersialisere grøn maritim teknologi – i tett samarbeid mellom næring og styresmakter.
Har du innspel til dialogen med Stortinget i haust? Send gjerne ein beskjed til oss her: post@maritimecleantech.no