F.v: Hege Økland (MCTW), Monica Mæland (Næringsminister), Nina Broch Mathisen (adm.dir Innovasjon Norge Hordaland), Nils Aadland (MCTW) og Rita Brokstad (Innovasjon Norge).

Maritime CleanTech West vart idag utnevnt som Norwegian Centre of Expertise (NCE). NCE-programmet rettar seg mot dei mest dynamiske og vekstkraftige næringsklyngene i Noreg. Som NCE-prosjekt får MCTW-klynga fagleg og finansiell støtte i opp til 10 år.

– Me er svært glade og stolte over å ha oppnådd av NCE-status, seier Hege Økland, prosjektleiar for MCTW. Dette betyr at vår klynge vert anerkjent som den livskraftige og utviklingsorienterte klynga den er. Her er verksemder som ser nytten og verdien av samarbeid, og som bl.a. kan vise til fleire konkrete innovasjonsprosjekt som følgje av klyngesamarbeidet.

NCE-programmet er eigd av Innovasjon Norge, Norges Forskningsråd og SIVA. Offentliggjeringa av dei nye NCE-klyngene vart idag kunngjort av Næringsminister Monica Mæland.