Næringsminister Monika Mæland inviterte til høyringsmøte om blå vekst og maritim miljøteknologi idag. Her deltok, bl.a. Bernt Skeie frå CMR Prototech og dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime Cleantech. Næringsministeren t.h. på bildet.
NCE Maritime CleanTech ved Hege Økland og fleire andre representantar frå den maritime næringa langs kysten, møtte Næringsministeren i Bergen i samband med Regjeringa sine planar om ny maritim strategi våren 2015. I sitt innlegg viste Økland til at vår klynge har vist evne til å tenka nytt, og at den maritime næringa kan bidra til å løysa viktige samfunnsutfordringar. Ho understreka at det må bli enklare å få fram demo- og pilotprosjekt, og det må deretter vera ein kommersiell heimemarknad for slike løysingar. Her spelar det offentlege ei viktig rolle. Det offentlege må gå foran med å vektleggja miljø i høgare grad i sine anbudsutlysingar og konsesjonstildelingar. Referansar frå den offentlege markanden er veridfulle og kan overførast til andre marknadssegment.
Bodskapen frå våre klynge er at det er den krevjande kunden som utviklar norsk maritim industri. Dette gjeld også for norsk sokkel, det er dei ufråvikelege tryggleikskrava frå oljeselskapa eit døme på, noko som har vore med og utvikla ein kompetent norsk leverandørindustri som stiller krav vidare til sine underleverandørar. Men me ser ikkje det same innan miljøområdet.
Skal norsk maritim leverandørindustri behalde sin konkurranseposisjon, må ein innan miljøteknologi i større grad bli utfordra. Det gjeld heile verdikjeda. Potensialet er stort for ein meir ressurseffektiv og miljøvenleg produksjon på verftssida og i leverandørindustrien. Og meir effektiv ressursutnytting inneber reduserte kostnader, – reduserte utslepp, òg ei meir konkurransedyktig maritim næring.