Regjeringa vil utvikle ei sterk norsk havklynge. For å skape meir blå vekst inviterer regjeringa sentrale aktører til ein nasjonal havkonferanse i Bergen i 30. mai. NCE Maritime CleanTech har saman med dei andre havrelaterte klyngene arbeidd for at havkonferansen skulle leggjast til Bergen.

I sin maritime strategi forplikta regjeringa seg til å arrangere ein felles konferanse for dei havrelaterte næringane. Som følgje av eit tett og godt samarbeid mellom dei havrelaterte klyngene langs kysten, vert denne konferansen no lagt til Bergen.

NCE Maritime CleanTech har saman med dei øvrige “blå” klyngene delteke i innspelsfasen til konferansen. Me ønskjer frå vår ståstad å sikra at programmet og deltakarlista vert prega av den maritime næringa si sentrale rolle for å redusera miljø- og klimautslepp, samt bidra til å få fram “cross over” muligheiter mellom marin, maritim og olje-og gass klyngene.

Her kan du lesa regjeringa si pressemelding om konferansen som finn stad 30. mai i Bergen.