Det var godt oppmøte då me fekk besøk av Innovasjon Norge, GIEK og Eksportkreditt på Stord 3. mars.

På temadagen fekk deltakarane informasjon om støtte- og finansieringsordningar som kan hjelpa bedriftene med å realisera utviklingsprosjekt. Fleire av finansieringsordningane er svært relevante for klyngebedrifter i NCE Maritime CleanTech, ettersom dei er retta mot miljøteknologi, energieffektivitet og nullutsleppsløysingar i maritim sektor.

Innovasjon Norge gav utfyllande informasjon om ”Miljøteknologiordninga”, eit relevant verkemiddel, som fleire av våre klyngebedrifter har fått tildelt støtte frå tidlegare. ”Mentor for omstilling” blei også presentert av Innovasjon Norge. Dette er ei ny ordning som skal tilføra bedrifter rett kompetanse til å møta endringar. I tillegg til norske støtteordningar, finns det ein rekkje muligheiter innan EU og Horisont 2020-programmet. Innovasjon Norge sin EU-rådgjevar var tilstades og fortalte deltakarer om SMB-instrumentet, ein ordning som kan støtte eit prosjekt frå ide til kommersialisering og tilbyr 70% finansiering.

Eksportkreditt fortalde om korleis dei kan bistå norske eksportører med å lukkast internasjonalt gjennom å tilby finaniseringsordningar til norske eksportørar. GIEK samhandlar tett med Eksportkreditt ved å bl.a. skrive ut tilpassa garantier for norske eksportbedriftar og utanlandske kjøparar på vegne av den norske stat.

Enova måtte dessverre avlysa sitt Stord besøk grunna sjukdom, men vil koma tilbake 18. april. Då vil me også legga til rette for at NoX-fondet er tilstades.