Kor reiser ein for å finna verdas leiande miljø innan utvikling av brenselceller og hydrogen? Jo, til Japan, og nettopp det gjorde me i byrjinga av april. Her blei klynga vår også profilert på den internasjonale messa “Sea Japan”.
Japan står overfor store utfordringar når det gjeld energiforsyning og reduksjon av klimagassutslepp. Berre 6 prosent av energiforbruket kjem frå eigne energiressursar, og Japan er den femte største nasjonen når det gjeld CO2-utslepp.
Japanske styresmakter har no gått saman med dei store japanske industribedriftene for å utvikla hydrogensamfunnet, der energiforsyninga til både hushaldningar og transportsektoren skal sikrast frå hydrogen. Hydrogen er ein energiberar og delar av hydrogenet er tenkt produsert av brunkol i Australia og frakta vidare til Japan via sjøvegen. Produksjon av hydrogen ved hjelp av fornybar energi er av interesse sett i eit klimaperspektiv, og dette var også tema i møta mellom representantane frå NCE Maritime CleanTech og dei japanske industriaktørane.
Iwatani jobbar med infrastruktur for hydrogen-distribusjon
I vårt arbeid med å utvikla nullutsleppsteknologi er det viktig å oppsøka dei leiande teknologiutviklingsmiljøa for å søka samarbeid og utforska felles moglegheiter. Me besøkte mellom anna Iwatani som utviklar infrastruktur for lagring og distribusjon av hydrogen. Dei vil vera ein framtidig importør av hydrogen og selja dette til marknaden ved å levera hydrogen til bilar og hushaldningar.
Kawasaki utviklar hydrogen-drive transportskip til OL 2020
Me besøkte også Kawasaki Heavy Industries. Dei utviklar og bygger hydrogen-transportskip og skal gjennomføra første hydrogentransport frå Australia innan OL i Tokyo i 2020. Me fekk presentert hydrogenprosjektet i detalj, kor hydrogen blir framstilt på basis av brunkol i Australia, nedkjølt til flytande hydrogen (-253 grader) og pumpa over i skipet før det skulle fraktast til Kobe i Japan. Kawasaki utviklar også kryogenisk utstyr som skal nyttast i prosessen. Dei utviklar først eit mindre skip, med 150 tonns kapasitet, før ein etter kvart skal sjå mot større skip. Planen er å ha på plass eit skip med kapasitet på 11 000 tonn i 2025.
Toshiba hydrogen-driven passasjerbåt til OL 2020
Hos Toshiba fekk me sjå korleis dei arbeider med heile verdikjeda for hydrogen, frå produksjon, lagring og til bruk. I Japan kallar ein omstillinga ein skal gjennom i energisektoren for «Hydrogen Society». Toshiba utviklar også energistyringssystem for hydrogen der batteri og brenselceller inngår. Målsettinga er å utvikla ein passasjerbåt med hydrogen som drivstoff innan OL i 2020. Båten som er 20-30 meter lang skal vera i drift frå 2019, og ifølge Toshiba skal den ha 100 kW H2 brenselcelle. Sjølve tanken som skal forsyna båten med hydrogen vil stå i eit befolkningstett område, og difor skal hydrogenet lagrast i metallhydrid. Toshiba tilbyr også ENE-FARM-produktet som generer straum til hushaldningar frå hydrogen, og dette er eit etablert produkt som blir kjøpt til 100 000 husstandar.
Nissan og teknologistatus for brenselceller
Utvikling av brenselceller for skip er framleis i startgropa, men har vore testa ut på mellom anna offshoreskipet Viking Lady til Eidesvik. Teknologien er likevel under stadig utvikling, og hos Nissan fekk me presentert status i utviklinga. Deira brenselceller blir stadig mindre i volum, og ein forventar også redusert pris når teknologien blir industrialisert. Me vil no undersøka om brenselcelle-teknologien kan brukast i nokre av våre prosjekt.
NYK presenterte ”Super Eco Ship 2030”
I vårt tettpakka program fekk me også besøka utviklingsavdelinga i eit av verdas største rederi, NYK. Her fekk me presentert prosjektet ”Super Eco Ship 2030”: Rederiet har utvikla eit skip der ein tek i bruk solceller, segl, kontraroterande propellar, effektiv ruteplanlegging, teknologi for å redusera skrogmotstand (”air lubrification”), samt eit meir effektivt lasse- og lossesystem. Fartøyet skal i hovudsak ha LNG og brenselceller som framdriftssystem. Rederiet er no i ferd med å testa ut dei ulike teknologisystema saman med sine underleverandørar, og både solceller og segl er under uttesting. På sikt ser NYK føre seg at desse skipa går med hydrogen som drivstoff.
Stor interesse for klyngesamarbeidet vårt på ”Sea Japan”
På det internasjonale seminaret til ”Sea Japan”-messa presenterte Hege Økland
Klyngesamarbeidet vårt, og utviklinga av nye energieffektive og klimavenlege maritime løysingar. Sjå presentasjonen her. Noreg ønsker eit tettare samarbeid med Japan og statssekretær i Næringsdepartementet, Dilek Ayhan, haldt eit av opningsinnlegga på seminaret.
Samarbeid på regelverkssida
I reisefølget var det også md representantar frå Sjøfartsdirektoratet og Statens Vegvesen. Dei var med på store delar av programmet vårt for å læra om bruk og transport av hydrogen i Japan. Dei ønsker også tettare samarbeid med japanske styresmakter når det gjeld utvikling av regelverk knytt opp til transport og bruk av hydrogen i fartøy. Statens Vegvesen planlegg no ein utviklingskontrakt på ei hydrogenferje og arrangerer dialogmøte med representantar frå næring og forskingsmiljø 4.mai.