I dag blei klynga vår kåra til vinnar av Sivaprisen. Juryen trekte særleg fram samarbeidet vårt for å utvikla maritime, miljøvenlege løysingar.
Administrerande direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Norge og Siva-direktør Espen Susegg delte ut prisen til oss på Sivakonferansen i Trondheim i dag. Årets konferanse har temaet ”Det modige valet” – og prisutdelarane viste til dei modige vala deltakarane i samarbeidet vårt har tatt for å utvikla framtidsteknologien i sjøtransporten.
I juryens grunngiving står det følgjande: «Vinneren av Sivaprisen for 2016 er en offensiv organisasjon, og fungerer som en viktig aktør i det nyskapingsarbeidet som foregår i bedriftsklyngen de er en del av. Gjennom etablering av gode samarbeidsarenaer, innhenting av impulser fra inn- og utland og gjennom stort engasjement, har vinneren bidratt til utvikling av nye produkter og tjenester som vil være viktig for storsamfunnet. Vinnermiljøet har også vært aktiv i formidling og promotering av bedrifter og prosjekter som er tilknyttet miljøet, både gjennom aviser og sosiale media, og overfor ungdom som står foran valg av utdanning og yrke.»
– Dette er ein pris som heng høgt, og er ei viktig anerkjenning av arbeidet som pågår i klynga vår, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE MCT: – Dette fortener først og fremst alle deltakarane våre. I samarbeidet vårt ser dei heile tida framover, her utviklar klyngepartnarane morgondagens løysingar for grøn konkurransekraft i maritim næring.
Økland lover at premien på 300 000 kroner skal gi nye satsingar: – Me skal bruka prispengane på å få fram nye, gode løysingar og å få samla alle desse kloke hovuda som er med hos oss. Det kan raskt resultera i spennande innovasjon som opnar nye marknader!
Styreleiar Ingve Sørfonn meiner Sivaprisen gir fornya styrke til vidare arbeid: – Dette er endå eit bevis på kor viktig slike samarbeid er for positiv næringsutvikling. Her blir det blir heile tida jobba systematisk for å få til gode fellesprosjekt som tar oss framover. I dag tar me glade imot heider og ros, i morgon held me fram med å utvikla nye og betre løysingar for både sjøtransporten og miljøet.
Vinnaren av Sivaprisen blei kåra gjennom ei open avstemming på nett, kombinert med vurderinga frå ein fagjury. Les juryens grunngiving og pressemelding på nettsidene til Siva. Pressemeldinga vår finn du her.