Det var fullteikna på Pilot-E-møtet vårt i dag. 70 millionar er lyst ut til utsleppsfri maritim transport, og ideen er at det skal gå raskt frå idé til marknad.

Mange var interesserte i å høyra kva prosjektleiar Trond Moengen hadde å seia då han orienterte om Pilot-E på Stord 23. august.

70 millionar til utsleppsfri maritim transport
Pilot-E er etablert av Forskingsrådet, Innovasjon Norge og Enova. Målet er at miljøvenleg teknologi skal bli utvikla og tatt i bruk for å redusera utslepp i maritim transport, både i Noreg og internasjonalt.

Maritim sektor er ei sterk norsk næring, og ein eksporttung bransje. Det er grunnen til at maritime næringsaktørar er først ute som potensielle støttemottakarar frå den nye ordninga.

Den første Pilot-E-utlysinga lover 70 millionar kroner til innovasjonsprosjekt. Men i tillegg til desse midlane i startfasen, kan Enova også gi meir støtte i samband med marknadsintroduksjon.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prosjektleiar for Pilot-E, Trond Moengen, på Stord hotell 23. august

Snart søknadsfrist
Søknadsfristen er 12. oktober, og avgjerda kjem allereie 12. desember. Prosjektpengar blir betalt ut til dei heldige frå og med januar.

Det må vera eit norsk selskap som søker, og det må vera eit innovasjonsprosjekt. Søknaden må innehalda ein plan for å innføra produkt i marknad.