NCE Maritime CleanTech har delteke som norsk representant i eit prosjekt for å utarbeida ei anbefaling for kva politiske tiltak som er naudsynte for å få fart på utviklinga innan bruk av alternative drivstoff og grøn teknologi i dei nordiske landa. Rapporten vart utarbeidd av Nordic Marina for Nordisk Ministerråd.
Nordic Marina er ein nettverksorganisasjon som skal samla private og offentlege aktørar for å fasilitera introduksjonen av fornybare drivstoff i den maritime industrien.
Den overordna konklusjonen i rapporten er at den globale, og nordiske, maritime industrien allereie har tatt eit stort steg når det kjem til utsleppsreduksjon, med mange innovative og suksessrike prosjekt. For å ta nye og store steg framover trengs det likevel auka involvering frå det offentlege. Langsiktige forpliktingar, uavhengig av regjeringsperiodar, er essensielt, saman med blant anna krav til styrking av infrastruktur og innføring av nye skattar og insentivordningar.