Bømlo-selskapet Clear Ocean AS er ny medlem i NCE Maritime CleanTech.
Plast er i dag eit stort miljøproblem. Eit hundreår etter at plasten vart oppfunnen, hamnar 15 tonn med plast i havet kvart minutt. Clear Ocean er eit nyoppstarta selskap som jobbar med å finna effektive metodar for å fanga opp plastavfall frå havet. Ei løysing kan vera par-tråling, der to båtar sleper ein trål mellom seg og fangar opp plastavfall som flyt i vassoverflata (sjå illustrasjon). Plastdelane som vert fanga opp, vert pumpa om bord i skipet som sleper trålen. Her skal plasten behandlast slik at den kan gjenvinnast.
Me ynskjer Clear Ocean velkommen til klyngesamarbeidet!