Siste veka i mai møter NCE Maritime CleanTech dei nordiske statsministrane som er samla på Vestlandet. Tema som statsministrane Bjarni Benediktsson, Stefan Löfven, Juha Sipilä, Lars Løkke Rasmussen og Erna Solberg skal diskutera er blant anna omstilling, digitalisering og klima.
Statsministrane skal også lansera initiativet Nordic Solutions to a Global Challenge. Initiativet er ein sentral del av den nordiske responsen til FN sine berekraftsmål. NCE Maritime CleanTech sine aktivitetar er direkte linka mot desse måla, som til dømes rein energi, berekraftige samfunn og stopp av klimaendringane.
– Å få presentera klynga vår for alle dei nordiske statsministrane er ei unik moglegheit til å synleggjera kompetansen til medlemsbedriftene våre. Dette er kompetanse som er viktig for å løysa utfordringane alle dei nordiske landa står ovanfor, som for eksempel behovet for å gjera skipsfarten grønare, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.