Nor-Shipping 2017 er historie, og me kan sjå tilbake på ei svært velluka veke for klynga sin del. Gjennom blant anna standpresentasjonar, kontraktsigneringar og lansering av nye konsept stadfesta klynga nok ein gong sin leiande posisjon innanfor grøn teknologi til den maritime marknaden. Fjellstrand si nye elektriske ferje til Fjord1 og Westcon og Servogear sine leveransar til heilelektriske «Future of the Fjords» er eksempel på nyhender som viste godt igjen på messa.
I år stilte NCE Maritime CleanTech med eigen stand, saman med sju av klyngepartnarane. Her var det sett opp eit omfattande program av presentasjonar innan digitalisering, hybrid- og batteriteknologi og nye fartøyskonsept. Standen var godt besøkt, blant anna av H.K.M Kronprins Haakon, og delegasjonar frå Brasil og Singapore. Ei lita oppsummering av klyngedeltakarane si deltaking på messa ser du i filmen nedanfor.