Framveksten av komplekse løysingar, strengare krav til funksjonalitet og kvalitet, og sterkare konkurranse aukar industrien sitt behov for å testa, simulera og visualisera produkta, tenestene og løysingane sine. For å svara på dette behovet har Siva, i samarbeid med Innovasjon Norge og Norges forskningsråd, lansert det nye programmet «Norsk katapult».
Nærings- og fiskeridepartementet har løyva 50 millionar kroner til ordninga for 2017. Forventninga er ordninga vil gi moglegheit for oppretting 1-3 sentre.
Planar for maritimt test- og innovasjonssenter
Med bakgrunn i denne utlysinga har NCE Maritime CleanTech over lengre tid arbeidd med eit prosjekt for eit maritimt fleirbrukssenter. Prosjektet ynskjer å samla eksisterande testinfrastruktur i eit overbyggjande selskap, og gjennom dette selskapet gjera utstyr, fasilitetar og kompetanse tilgjengeleg for leie for industrien.
– Tilgang til fysisk infrastruktur for utvikling og innovasjon er av stor strategisk viktigheit for konkurranseevna og den framtidige verdiskapinga i den maritime industrien. Me har mykje gode fasilitetar i regionen vår, og eit slik senter vil gjera desse fasilitetane tilgjengeleg også for små og mellomstore bedrifter som ikkje har tilgang til slike verktøy i dag, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Det planlagde senteret skal vera eit nasjonalt senter, men vil i hovudsak skal byggja på eksisterande infrastruktur i Hordaland og Rogaland. Med i planane er test- og simuleringsfasilitetar frå Universitetet i Bergen, Wärtsilä og The Switch, samt Unitech sitt planlagde R&D senter på Rubbestadneset.