NCE Maritime CleanTech er tildelt 1,5 millionar til tidlegfase-prosjekt i klynga. Om du vil ha din del av potten, må du søka innan 29. september.

Kvart år utlyser Innovasjon Norge ut midlar til innovasjonsprosjekt i klynger gjennom ordninga «Innovasjonsrammen». NCE Maritime CleanTech (NCE MCT) fekk i år tildelt 1,5 millionar frå denne ordninga, og desse skal no fordelast av klyngeadministrasjonen.

Målet med Innovasjonsrammen er å stimulera klyngebedriftene til å samarbeida om å utvikla idear om nye innovasjonsprosjekt. Dette kan omfatta innovasjonar knytt til produkt, tenester, produksjonsprosessar, forretningsmodellar eller marknader. Støtta frå Innovasjonsrammen skal gå til såkalla tidlegfase-prosjekt, og bidra til å utvikla ein prosjektide fram til eit prosjektforslag som er modent nok til å kunne bli finansiert frå bedriftene sjølv eller med risikofinansiering frå verkemiddelapparatet.

Søknadsfrist 29. september
Det er styret i NCE MCT som vel ut kva prosjekt som skal få støtte, men all rapportering vil skje til Innovasjon Norge. Det vil bli tilbydd maksimalt 50 % støtte til kvart prosjekt.

Om du ynskjer å søka midlar, kan du ta kontakt med klyngeteamet for vidare rettleiing. Søknadsfrist er 29. september, og søknadane vil bli handsama på neste styremøte 5. oktober.

Sjekkliste søknadar

Søknadsskjema finn du her.