NCE Maritime CleanTech opplever for tida stor vekst og høg innovasjonsaktivitet. I haust har klyngeadministrasjonen difor styrka teamet med to nye tilsette, som begge har solid erfaring frå den maritime industrien.
Administrasjonen i klyngesamarbeidet NCE Maritime CleanTech (NCE MCT) har no gleda av å kunne ynskja Tora Haslum Myklebust og Pål G. Eide velkommen i teamet.
Tora starta i klyngeadministrasjonen 15. august, som prosjektleiar innanfor innovasjon. Ho er utdanna industridesignar frå University of Teeside. Tora har lang erfaring innanfor industrien, blant anna innan leiing, prosjektstyring og strategiarbeid i selskapa One Subsea og Apply Leirvik.
– Tora vil ha ansvar å utvikle innovasjonsprosjekt i klynga, og følgje dei frå tidlegfase-konsept til ferdig løysing. I tillegg til eit brennande engasjement for miljøteknologi, har ho solid erfaring innan blant anna produksjonsteknologi, materialbruk og prosjektleiing. Dette er viktig kompetanse som vert svært nyttig for klynga og medlemmane våre, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
– Ein viktig ressurs for klyngebedriftene
Pål har sin fyrste arbeidsdag i NCE MCT 1. september, og skal jobba med prosjektleiing og forretningsutvikling. Han har ei sivilingeniørutdanning innan Naval Architecture & Offshore Engineering frå University of Strathclyde, samt ein Master i innovasjonsleiing frå NTNU. Pål har meir enn tjue års erfaring frå den maritime industrien, og har jobba både som ingeniør og leiar innanfor ei rekke områder relatert til offshore- og subseateknologi. I 1996 grunnla han selskapet Kystdesign, der han fungerte som dagleg leiar til 2009. Han har og jobba som forskar og forelesar på NTNU.
– I NCE Maritime CleanTech vil Pål ha ei sentral rolle når det gjeld å få fram og realisere nye løysingar som kan redusere energiforbruk og utslepp frå ulike maritime aktivitetar. Med sin marintekniske bakgrunn, og med erfaring frå utviklingsarbeid i fleire ulike verksemder, vil Pål vera ein viktig ressurs for våre klyngebedrifter, seier Økland.
Både Tora og Pål vil sitja på klyngeadministrasjonen sitt kontor på Stord.