NCE Maritime CleanTech var nok ein gong blant vinnarane av innovasjonsmidlar frå Innovasjon Norge. No er midlane tildelt fem spanande innovasjonsprosjekt i klynga.
I juni vart NCE Maritime CleanTech tildelt 1,5 millionar gjennom Innovasjonsrammen – ei støtteordning frå Innovasjon Norge som skal stimulera til auka innovasjon i klyngene gjennom samarbeidsprosjekt.
Det kom inn mange søknader etter utlysinga i haust, og gjennom ein intern søknadsprosess er midlane no tildelt Westcon Power & Automation, Huisman, CFD Marine, Wärtsilä Ship Design og AquaPro.
– Klyngebedriftene våre er kjende for å vera innovative og framoverlente. Den store interessa dei viste for desse midlane er nok eit bevis på dette. Innovasjonsramma er ei god og viktig ordning for klyngebedriftene våre, og eg har store forventningar til resultata frå prosjekta, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Frå ferjer til cruise
Dei fem vinnarprosjekta har eit stort spenn i fartøytypar, men fellesnemnaren er at dei alle ser på løysingar som reduserer utslepp frå maritime aktivitetar.
Her er dei fem heldige prosjekta som får støtte:
Moglegheitsstudie på hydrogen-brenselcelle ferjedrift
Westcon Power & Automation (søkar) og Norled (prosjektpartnar)
Prosjektet skal gjera ei studie for å undersøka kva som er mogleg med dagens teknologi innan brenselceller, med særleg fokus på ferjedrift. Eit viktig fokusområde blir å identifisera kva som må til for at brenselceller kan ta steget frå land til sjøindustri og «marinifiserast».
Utvikling av miljøvennleg og energieffektiv borerigg
Huisman (søkar), ETA Energi (prosjektpartnar)
Prosjektet skal laga ein energiforbruksmodell av eit typisk boredekk. Modellen skal nyttast for å identifisera kor ny energiteknologi, som i dag er i bruk i skip, kan tilpassast og brukast om bord på riggar. Metodar for digitalisering av drift av rigg og boreoperasjonar skal også utviklast.
Effektiv og sikker implementering av batteridrift i hurtigbåtar
CFD Marine (søkar) og Grenland Energy (prosjektpartnar)
Grenland Energi skal utføre datamodellering av battericeller ned til dei minste delemna. CFD Marine vil så importera denne modellen inn i CFD-analysar slik at ein kan utføra termo-/elektriske simuleringar av battericeller.
Utvikling av miljøvennlege og berekraftige cruisekonsept
Wärtsilä Ship Design (søkar) og Hardcruise (prosjektpartnar)
I dette forprosjektet vil partnarane samarbeida for å klargjera moglegheitene for å utvikle eit heilt nytt miljøvennleg og stillegåande cruiseskip, gjennom å kartlegge ulike alternativ for fartøyskonsept. Ombygging av eksisterande plattform supplyskip er ei av løysingane som vil bli vurdert i forprosjektet.
Miljøeffektivt skip for prosessering av slam frå oppdrettsnæringa
AquaPro (søkar), Wärtsilä Ship Design (prosjektpartnar)
Prosjektet skal utarbeida design og kapasitetsberekningar for et prosess-skip som kan handtere slam frå oppdrettsanlegg og prosessere det frå avfall til pellets/tørrstoff. Prosjektet skal også̊ vurdera i kva grad oppdrettsnæringa kan bruke dette tørrstoffet til energi på oppdrettsanlegget.