Verdas fyrste hydrogendrivne hurtigbåt er no eit steg nærare realisering etter at Trøndelag fylkeskommune før jul lyste ut ein utviklingskontrakt for ein nullutslepps hurtigbåt.
Hurtigbåt som transportmiddel har ei svært viktig rolle i å knyta kysten saman. Samtidig er hurtigbåten i dagens form den eineståande største kjelda til utslepp målt i passasjerkilometer, og med høgt drivstoff-forbruk er det ein kostbar form for transport.
Anbodet som vart lyst ut av Trøndelag fylkeskommune 27. desember 2017 representerer startskotet for utviklinga av framtidas grøne hurtigbåtar. Gjennom utviklingskontrakten skal det gjennomførast ein konkurranse om idé og løysing for framtidas nullutslepps hurtigbåt, som skal dekke fylkeskommunane sitt tenestebehov. Leveransen består av ei prosjektskildring og ei prosjektgjennomføring.
– Trøndelag Fylkeskommune har eit ønskje om å legga til rette for utvikling av verdsleiande og uprøvd teknologi. Dei to primære krava våre er at ein skal dekka eit behov for mobilitet langs kysten, utan utslepp og til en lågare kostnad enn i dag. Løysinga på dette er det opp til industriaktørane å finna, heiter det i anbodet.
Anbodsfrist er sett til 12. februar kl. 12.00.
Hydrogenprosjekt i klynga Hurtigbåt-anbodet er relevant for mange av deltakarane i klynga, og fleire av desse er for tida involvert i klynga sitt innovasjonsprosjekt som ser på alle innovasjonsområda innanfor hurtigbåt; navigasjonssystem, interaksjon mellom skip og hamn, logistikk, digitalisering, framdriftssystem og bruk av hydrogen brenselceller.
– Dei neste åra vil det komma fleire nye utlysingar av hurtigbåtruter, og ein forventar at desse har strengare krav til nullutsleppsteknologi. Difor må me som klynge vera på ballen, slik at me er med i konkurransen om det som vil bli ein stort marknad for grøne og smarte nullutsleppsfartøy, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech Hege Økland.