I februar vart Noregs største bank medlem i NCE Maritime CleanTech. Med seg inn i klynga har DNB eit stort nettverk og viktig kompetanse innan finansiering og forretningsutvikling.

– Me er veldig glade for å ha fått ein stor og framoverlent finansinstitusjon med som partnar i klynga. DNB sin forretningsmessige kompetanse og tenestetilbod innan bank og finansiering er svært relevant i forhold til vårt arbeid med marknadsutvikling og kommersialisering, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

DNB er Noregs største bank og eit av dei største finanskonserna i Norden. Banken er internasjonalt leiande innan shipping, sjømat og energi, og har sterk fokus på berekraft. Den siste tida har selskapet styrka satsinga si på havet.

–   Havnæringane er viktig for DNB, og berekraftig teknologi er eit av dei strategiske satsingsområda våre. Me ser eit grønt skifte i desse sektorane, og DNB ynskjer å bidra til denne utviklinga ved å vera ein god rådgivar og finansieringspartnar for grøne prosjekt og selskap, seier Einar Almås som er ansvarleg for DNB sine aktivitetar i Sunnhordland og Hardanger.

Legg til rette for møteplassar

DNB har store bransjemiljø innanfor alle sektorane i den maritime industrien, og partnarbedriftene i NCE Maritime CleanTech får no tilgang til dette nettverket.

–    Gjennom medlemsskapet vårt i klynga ynskjer me å dele kunnskapen og ekspertisen vår, samt det store nettverket me har innanfor den maritime industrien. Me organiserer blant anna møteplassar der gründerar og selskap med nysatsingar kan møte investorar, fortel Almås.

DNB sin søknad om medlemsskap i klynga vart godkjend av styret 1. februar.