Pilot E kjem no med si andre utlysing til innan utsleppsfri maritim transport, som blant anna skal støtta infrastruktur, skip som går i høgare fart og over lengre strekningar utsleppsfritt, og utsleppsfrie løysingar for segling i fjordar og når skip ligg i hamn.
PILOT-E er eit finansieringstilbod til norsk næringsliv, etablert av Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Enova. Målet med PILOT-E er å få gode løysingar raskare ut i marknaden samtidig som nytt og eksisterande næringsliv vert utvikla. Ordninga skal støtta utvikling heile vegen frå idé til marknad, og bidra til utsleppskutt i Noreg og internasjonalt.
NCE Maritime CleanTech var ein av aktørane som fekk støtte frå ordninga si fyrste utlysing i 2016. Då vart klynga tildelt 20 millionar til utviklinga av energisystemet på Urban Water Shuttle. Wärtsilä leiar prosjektet, med Fjellstrand, Servogear, Grenland Energy, CFD Marine og Hydro Extrusion som partnarar.
Store moglegheiter for klyngebedriftene Ein førebels utlysing for PILOT-E vart gjort kjend i april, og bransjen har no moglegheit til å koma med innspel. Også denne utlysinga gir store moglegheiter for deltakarane i NCE Maritime CleanTech.
– Denne utlysinga er høgaktuell for våre klyngedeltakarar, som leverer framtidsretta energiløysingar til alle delar av maritim sektor. Klyngeverksemdene har demonstrert både evne og kapasitet til å realisera ambisiøse miljøprosjekt. Saman kan me etablera nye, maritime utviklingsprosjekt, som forutan å gje miljøvinstar, sikrar grøne arbeidsplassar og styrker norsk konkurransekraft, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Årets PILOT-E-utlysing har to hovudtema: Utsleppsfri maritim transport 2.0 og Framtidas klimanøytrale industri. Søknadsfrist vil vere 10. oktober, men allereie no ynskjer verkemiddelapparatet innspel frå bransjen i høve til innretninga. Dialogen med bransjen går føre seg fram til 1. juni, og seinast 10. juni vil endeleg utlysing vere klar.