Stortinget ber Regjeringa innføre krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane når det er teknisk mogleg og seinast innan 2026. – Dette vil vera eit svært viktig vedtak både for klimaet og for den framtidige konkurransekrafta til den norske maritime klynga, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Seinast innan 2026 vert truleg verdsarvfjordane stengt for alle skip som ikkje har nullutsleppløysingar. Det vart klart etter at Energi- og miljøkomiteen på Stortinget gav si innstilling om Klimameldinga torsdag ettermiddag. Eit slikt vedtak vil gi viktige signal til reiarlag som skal operera i desse områda i framtida.
Dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, rosar politikarane for innstillinga.
– Dette er eit krav NCE Maritime CleanTech og partnarane i klynga har jobba for lenge. Store klima- og miljøskadelege utslepp i fjordane og forventningar om stor vekst i cruisetrafikken gjer at det stort behov for strengare reguleringar. Eg er difor veldig glad for at Stortingspolitikarane no ønsker å stilla krav til utsleppsfrie fjordar, seier ho.
Økland er likevel klar på at kravet bør gjelda alle viktige turistfjordar, og ikkje berre dei tre verdsarvfjordane Nærøyfjorden, Geirangerfjorden og Aurlandsfjorden.
Viktig vedtak for norsk industri
Økland peikar på at eit vedtak om utsleppsfrie fjordar er viktig både for klimaet og for norsk industri.
– Bruk av den offentlege innkjøpsmakta der det blir stilt strenge krav til energieffektivitet og utslepp har gjort at Noreg har verdsleiande maritim leverandørindustri på låg- og nullutsleppsløysingar. Dette vedtaket kan sikra norsk industri sin posisjon innanfor dette området, slik at norsk næringsliv vert styrka, arbeidsplassar vert skapt og at me kan bidra til gode løysingar globalt, seier ho.
At innstillinga seier at kravet skal innførast «når det er teknisk mogleg» opnar også opp moglegheitene for at dei nye reguleringane kan framskundast.
– Eg er sikker på at utsleppsfri seglas i fjordane vil vera mogleg lenge før 2026. Me har allereie i dag eksempel på utsleppsfrie turistbåtar som «Future of the Fjords» og store skip, som Color Line Hybrid og Havila sine planlagde Kystruteskip, som installerer batteripakkar som er store nok til å gå lange avstandar utsleppsfritt, seier Økland.
Endeleg avstemming i Stortinget skjer 3. mai. Innstillinga seier:
«Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder, samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene når det er teknisk mulig og senest innen 2026».