Det prisvinnande verftet Brødrene Aa er ny partnar i NCE Maritime CleanTech. Selskapet har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt for dei miljøvennlege turistskipa «Vision of the Fjords» og «Future of the Fjords», og med si grøne satsing vert dei ein naturleg del av klynga.
I mai vart Brødrene Aa tatt opp som ny partnar i NCE Maritime CleanTech. Det familieeigde Hyen-verftet er verdsleiande på utvikling og produksjon av hurtigbåtar i karbonfiber. Sidan 2020 har selskapet bygd 60 karbonkatamaranar for hastigheiter på 20-40 knop.
Me er veldig glade for å ønska Brødrene Aa velkommen til NCE Maritime CleanTech. Dei tilfører klynga ny kunnskap innan produksjonsteknologi og lettvektsmateriale, og deira grøne satsing og prosjekt passar som hand i hanske med våre verdiar og satsingar, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Brødrene AA har fått stor internasjonal merksemd for bygginga av turistbåtane «Vision of the Fjords» og “Future of the Fjords”. Førstnemnde har vunne ei rekkje prisar, blant anna Ship of the Year på SMM i Hamburg i 2016. Sistnemnde vart sett i rute i Nærøyfjorden mellom Flåm og Gudvangen i mai i år, som Noregs første heilelektriske turistbåt.
«Future of the Fjords» har leveransar frå tre av partnarane i NCE Maritime CleanTech; Servogear, Westcon og Zem Energy. Klyngedeltakar DNV GL har også vore ein viktig bidragsytar.
– Brødrene Aa har eit tett samarbeid med mange av aktørane i klynga allereie. NCE Maritime CleanTeh er ein sterk og viktig aktør i industrien, og me ser at det er verdifullt for oss på mange måtar å vera ein del av dette nettverket, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa.
Null utslepp i fjorden
Saman med resten av industrien applauderer Brødrene Aa Stortinget sitt vedtak om utsleppsfrie verdsarvfjordar innan 2026.
– Dette er eit viktig vedtak, som måtte komma før eller seinare. For å gjera slike vedtak må politikarane vite at teknologien er klar, og det har «Vision of the Fjords» og Future of the Fjord vore med og vist, seier Tor Øyvin Aa.
Problem med å få nok strøm til lading av «Future of the Fjords» har også skapt eit nytt produkt; ein revolusjonerande «Power Doc». Dette er ei flytebrygge som fungerer som ein effektiv batteribank som kan forsyna straum til fleire typar elektriske fartøy, og som kan ta imot kloakk og gråvatn frå både denne og andre båtar. Det betyr null utslepp i fjorden.
Brødrene Aa er også med i eit prosjekt som skal utvikla ein hydrogendriven hurtigbåt til ruta mellom Florø og Måløy.
Ser stort internasjonalt potensiale
Som leverandør av grøne fartøy ser Brødrene Aa stort potensiale internasjonalt. I dette arbeidet ser dei stor verdi i å kunne nytta seg av NCE Maritime CleanTech sin ekspertise og nettverk.
– Me ser at etterspurnaden etter grøne løysingar tar seg opp ute i verda. Ved å melda oss inn i klynga får me tilgang til eit nettverk som er mykje ute og frontar grøn teknologi. Samtidig kan andre partnarar nytta seg av dei stega me har tatt inn i den internasjonale marknaden. Noreg har vore pionerar innan miljøteknologi. Når resten av verda no kjem etter, er industrien sterkare om me står i lag, seier Aa.
Brødene Aa har fått eit godt fotfeste i den kinesiske marknaden, og dei er i gang med bygginga av tre hurtigbåtar til det kinesiske rederiet Zhong Shan-Hong Kong Passenger Shipping CO-OP. I 2015 fekk selskapet kinesiske Chu Kong Shipping Enterprises (CKSE) inn på eigarsida, og Brødrene Aa etablerte samtidig eit selskap i Hong Kong som skal ta hand om marknadsføring, sal og utvikling i Asia.