NCE Maritime CleanTech fortset veksten, og no kan me ynskja dei nye deltakarane Step Solutions og NORsteam velkomne til klynga.

Illustrasjon av fartøyet NORsteam ynskjer å byggja. (FOTO: MELK DESIGN og NTNU)

Dei to nye verksemdene vart tekne opp i NCE Maritime CleanTech under styremøtet i Rosendal tidlegare denne månaden, og dermed tel klynga no heile 85 medlemmer.

Vil vinna America’s Cup med norsk teknologi
NORsteam ynskjer å byggja eit fartøy som kan gå heilt til topps i verdas eldste og mest berømte regatta, America’s Cup, i 2021. Budsjettet er på rundt ein halv milliard kroner. Fartøyet må byggjast i det landet det representerer, og selskapet jobbar no med finansiering og teknologi.

– Me ynskjer å vinna America’s Cup med ein norsk båt og med norsk teknologi. Me håpar fartøyet kan verta eit utstillingsvindauga for alt det norske verksemder er gode på, til dømes kunstig intelligens, kommunikasjon, fjernstyring, hydro- og aerodynamikk, karbon og annan materialteknologi, seier Petter Mørland Pedersen i NORsteam.

Petter Mørland Pedersen har ambisjonane i orden når han tek NORsteam inn i klynga.

Han fortel at regattaen har vorte ein viktig testbenk for ny teknologi. Gigantar som Airbus og Boeing seier at teknologi som dei fyrst testa ut i 2013-utgåva av Americas Cup no er å finna om bord i dei nyaste flya deira.

– Det viktigaste for oss når me vert medlem i NCE Maritime CleanTech er å koma nærmare all den teknologien og kunnskapen som finst på Vestlandet – og samle kloke hovud som kan tenkja utanfor boksen saman med oss, seier Mørland Pedersen.

Lang erfaring innan reinsing av utslepp
Step Solutions er eit teknologiselskap som leverer automasjon og avansert styring innan landbasert, maritim og offshore industri. Dei leverer system som bidrar til meir berekraftige operasjonar, og har lang erfaring når det gjeld reinsing av utslepp til maritim sektor, med hovudfokus på scrubbersystem og reinsing av ballastvatn.

– Step Solutions etablerte eit Bergenskontor i 2017 fordi me ynskjer å få betre kjennskap til kva som røyrer seg mellom teknologiverksemdene her i vest. Me har jobba mykje mot Asia og USA, men er nysgjerrige på kva me kan samarbeida med innovative verksemder i klynga om, seier regionalsjef Øyvind Lorgen.

Øyvind Lorgen, Senior Automation Engineer i Step Solutions AS, deltok på klyngesamlinga i Rosendal i juni.

Step Solutions har hovudkontor i Oslo og leverer i all hovudsak kontrollsystem, avansert regulering og rådgiving knytt til system for reduserte utslepp til sjø og luft frå maritim sektor. Totalt har verksemda levert system til 78 fartøy i utlandet i klassar som LNG, VLCC og bulk.

– Me har mellom anna vore involvert i utviklinga av rapporterings- og styresystem knytt til handtering av ballastvatn og scrubbersystem som tilfredsstiller retningslinjer frå IMO og US Coast Guard. Men mesteparten av jobbane me gjer er utvikling av framtidsretta programvare og patenterte algoritmar som aukar konkurransekrafta til kundane våre, seier Lorgen.