I eit nytt prosjekt skal NCE Maritime CleanTech bidra til raskare og meir effektiv utrulling av hydrogen som drivstoff for skipsfarten. Hordaland Fylkeskommune bidrar med 500.000 til prosjektet.
Med bakgrunn i Paris-avtalen sitt krav om 40 prosent reduksjon i utslepp og IMO sine mål om 50 prosent kutt frå skipsfarten innan 2030, er det behov for nye nullutsleppsløysingar for alle typar skip. Per i dag finst det ikkje batteriteknologi som kan dekka energibehovet til hurtiggåande fartøy eller oversjøisk skipsfart. Hydrogen peikar seg ut som den mest aktuelle energiberaren for slike skip, men det står att ein del jobb på utviklinga av næringskjeda før hydrogen blir eit reelt alternativ for skipsfarten.
– Me manglar blant anna kvalifisert teknologi og produkt til sikker gjennomføring av viktige prosessar som lagring, distribusjon og bunkring, seier Pål G. Eide, prosjektleiar i NCE Maritime CleanTech.
I hydrogenprosjektet, skal NCE Maritime CleanTech kartleggja dei største barrierane for utrulling av flytande hydrogen som drivstoff for skip i Hordaland, for så å vidare definera samarbeidsaktørar nasjonalt og internasjonalt samt kunnskapsmiljø som kan bistå i vidareutviklinga. Greensight og Norled er partnarar i prosjektet.
Skal styrka bedriftene sin kompetanse
I samband med arbeidet med innføringa av nullutslepps hurtigbåtar i Trøndelag, er potensielle produsentar, lokasjonar og sikkerheitsaspekt knytt til bruk av komprimert hydrogen (CH2) vurdert. NCE Maritime CleanTech ynskjer å byggje vidare på denne rapporten og utføra tilsvarande analysar for Hordaland, også når det kjem til flytande hydrogen.
I arbeidet med å utvikla ei hydrogenferje for Statens Vegvesen og nullutslepps hurtigbåtar i Trøndelag har bransjen avdekka ei rekkje utfordringar knytt til produksjon, lagring og overføring av spesielt flytande hydrogen. Mange bedrifter i klynga er involvert i desse utviklingsprosjekta, og dette prosjektet vil styrka desse bedriftene sine moglegheiter til å fullføra det viktige arbeidet med å ferdigutvikla nullutsleppsskip, seier Eide.
Arbeidet startar opp i august og vil vera sluttført i mars 2019. Hordaland Fylkeskommune har løyva 500.000 til prosjektet.