Ordførar Gaute Epland (th) i samtale med Steinar Røgenes og Karl Petter Løken i Kværner tidlegare i år.

Stord kommune er ein av dei nyaste deltakarane i NCE Maritime CleanTech, og ordførar Gaute Epland synest det var på høg tid kommunen vart med på laget.

– Det skulle berre mangle at me som vertskommune er med som ein aktiv partnar i NCE Maritime CleanTech. Me fekk ei god orientering frå klyngeadministrasjonen på eit kommunestyremøte i vår, og på same møtet vart det gjort eit einstemmig vedtak om å søka, fortel ordførar Gaute Epland.

– Styret i NCE Maritime CleanTech trengde ikkje lang tid for å handsame den søknaden. Me er svært nøgde med at Stord kommune ynskjer å vera ein del av klynga. Dette gjer at kommunen kjem endå tettare på dei lokale verksemdene som arbeidar med grøne, maritime løysingar. Ein får også betre forståing for korleis aktivitetane våre er viktige i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn og ikkje minst for miljø og sysselsetting, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.

– Stolt av klynga

I følgje ordførar Epland er NCE Maritime CleanTech eit klyngesamarbeid som ligg i front på utvikling av ny grøn teknologi, noko politikarane i Stord óg er oppteken av.

– Eg er av den oppfatning at samarbeid løner seg på dei fleste område, og det verkar som deltakarane i NCE Maritime CleanTech styrkar einannan gjensidig gjennom dette samarbeidet, seier ordføraren.

– Me er stolte av å ha ei så sterk aktiv næringsklynge i kommunen. Det er noko eg trekk fram når eg er ute og snakkar med andre kommunar og regionar. Positiv medlemsvekst og den nye katapultstatusen tyder jo på at ein gjer mykje rett. Me har jo også prosjekt på heimebane til dømes induksjonsladaren på Jektevik, som burde vore ein turistattraksjon, seier han.

Stord kommune er ny deltakar i NCE Maritime CleanTech i år og markerar seg med klimasatsingane sine.

– Det grøne kan byggja på kompetansen frå olja

Stord er ei av kommunane i landet med flest arbeidsplassar knytt til olja, men ei grøn, maritim næringsklynge som Martime CleanTech styrker omstillingsevna.

– Torger Reve sa under Stordkonferansen at hjørnesteinsbedrifter som Kværner i framtida relativt sett vert mindre viktige, fordi ny teknologi gjer at ein kan klara seg med færre tilsette. Eg trur det kan koma viktige bidrag til sysselsettinga lokalt ut av ei slik klynge. I tillegg trur eg den nye grøne teknologien kan byggja på den spisskompetansen me alt har frå olja, slik at me kan ta ein sterk posisjon i det grøne skiftet, seier Epland.

Stord kommune markerer seg med klimasatsingar på fleire område. Kommunen vart nyleg valt ut mellom dei tolv fyrste til å delta i eit KS-nettverk der ein skal samarbeida om og læra av kvarandre når det gjeld omstilling til lågutsleppssamfunnet.