Klima- og miljødepartementet jobbar for tida med ein sektorvis handlingsplan for kutt i utslepp frå skipsfarten. NCE Maritime CleanTech er ein av aktørane som har gitt innspel til arbeidet.

Føremålet med handlingsplanen, som skal vera klar i løpet av vinteren, er å samla og forsterka politikken for eit grønt skifte i skipsfarten.

I november deltok NCE Maritime CleanTech på departementet sitt innspelsmøte i Oslo. Her la klynga blant anna vekt på behovet for tydlege målsettingar for nullutsleppskrav i kyst, hamner og fjordar, miljøkrav i alle offentlege anbod, samt eit sterkt verkemiddelapparat som kan bidra til viktig risikoavlasting. Tilrettelegging for pilotprosjekt av også eit tema som vart fronta av klynga.

– For å lukkast med å få til et teknologiskifte til nullutslepp er det viktig at fylkeskommunane og kollektivselskapa er pådrivar for å få realisert ny teknologi, og at dei stiller sine ruter til disposisjon for pilotering av ny teknologi. Prosjekta til Statens vegvesen og Trøndelag fylkeskommune er gode dømer på dette, seier ansvarleg for myndigheitskontakt i NCE Maritime CleanTech, Marie Engelsen Launes.

Naudsynt med strengare reguleringar
Både industriaktørane og interesseorganisasjonane som var til stades på møtet la vekt på at strengare reguleringar er ein viktig drivar for grønare skipsfart.

– Me veit at strengare reguleringar er det mest effektive verktøyet for å få til ei endring. Difor treng me modige politikarar som tørr å fatte vedtak som hos nokon vil vere upopulære, men som samstundes er heilt naudsynte for å nå klimamåla våre. Vedtaket om utsleppsfrie fjordar er eit godt døme på dei ambisiøse vedtaka me treng, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

I møtet med departementet vart også det potensialet for å redusera CO2-avtrykket til oppdrettsnæringa tatt opp.

– Teknologien er klar, og me ser at det i dag er lønnsamt for 80-90 % av anlegga å elektrifisera. Knyt du så arbeidsbåtane til straum på anlegga når dei utfører operasjonar ved merd, kuttar du vidare 75 % av utsleppa til desse båtane. Difor meiner me tida er overmoden for å stille strengare utsleppskrav til drifta av desse anlegga, seier Launes.

NCE Maritime CleanTech sitt skriftlege innspel til Klima- og miljødepartementet kan du lesa her.