Over 70 elektriske ferjer vert tekne i bruk langs noregskysten dei neste tre åra. NHH-student Andreas Kleiven skal sjå nærmare på korleis elferjeprosjekta verkar inn på økonomien og sysselsettinga til den maritime industrien.
Den grøne utviklinga innan maritim sektor gjer store moglegheiter for verfts- og leverandørindustrien. I løpet av februar skal NHH-student Andreas Kleiven undersøka kva effekt det har på industrien at det stadig vert bestilt fleire ferjer på batteri.
– Eg startar med å kartleggja alle ferjene som vil komma, kor dei vert bygd og kva for leverandørar som er valt. Med det som utgangspunkt vil eg forsøka å talfesta verdiskapinga for alle aktørar og sjå på konsekvensar for sysselsettinga, forklarar Andreas Kleiven.
Maritim interesse
23-åringen frå Otta går fyrste året på mastergraden ved NHH i Bergen, med fokus på energi og ressursøkonomi. Han har forsøkt å styra utdanninga i maritim retning, med fag som petroleumsøkonomi og shippinganalyse.
– Det høyrest kanskje rart ut frå ein som kjem frå Gudbrandsdalen, men eg har lenge ynskt å jobba med havet og er spent på kva som vil skje i maritim næring i framtida. Eg føler meg heldig som fekk kontakt med NCE Maritime CleanTech. I tillegg til å sjå ting frå verksemdene sin ståstad vil eg kunne læra litt om korleis dei samarbeider for å komma i mål med store innovasjonsprosjekt, seier han.
Over 70 ferjer med batteri
Oversikten NCE Maritime CleanTech sitter på viser at i løpet av 2021 vil det på bakgrunn av kontraktkrav, tildelingskriterium, eller på initiativ frå reiarlaga sjølv, vera over 70 ferjer med batteri om bord i drift på riks- og fylkesvegferjesamband. Det er med andre ord ei stor oppgåve Kleiven har teke på seg.
– Eg likar at lista vert lagt høgt. Det hadde vore kjedeleg om oppgåva var unnagjort på eit par veker.
Kleiven skal jobba for NCE Maritime CleanTech i hele februar, men har alt tjuvstarta på oppdraget hos klynga.
– Eg gler meg til å komma skikkeleg i gang. Men eg har gjort ein god del forarbeid allereie, og om det viser seg at eg må jobba litt lengre for å komma fram til enno meir nyttige resultat, så gjer eg gjerne det. Som student er det viktig å komma seg ut og sjå korleis ting fungerer i røynda, og det er kjekt at ein i tillegg kan bidra til noko klynga har nytte av, seier han.