Statens Vegvesen vurderer sterkt å krevja hydrogen-elektriske ferjer på Vestfjordsambandet frå 2023/2024. No inviterer dei industrien til dialog.

– Statens vegvesen har signert ein utviklingskontrakt for hydrogen-elektrisk ferje på rv. 13 Hjelmeland – Nesvik og vurderer no sterkt å følgja opp med krav til hydrogen-elektriske ferjer på Vestfjordsambandet (Rv. 80 Bodø – Værøy – Røst – Moskenes), heiter det i eit informasjonsskriv som vart sendt ut denne veka.

Vegvesenet ønskjer å inngå ein ny lang kontrakt for Vestfjordsambandet etter at dagens kontrakt går ut 31.12.2022, med eitt års opsjon. No inviterer dei reiarar, maritim leverandørindustri og hydrogennæringa til dialog for å diskutera rammer for økonomi, miljø og anskaffingsstrategi for ei slik utlysing.

– Det er svært gledeleg at Statens Vegvesen held fram arbeidet for å sikra nullutslepp i ferjesektoren. Partnarar i NCE Maritime CleanTech er allereie i gang med utviklinga av Noregs første og andre hydrogenferje, og dermed godt posisjonert til levera på krav om hydrogen-elektrisk ferje også på dette sambandet, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Dialogkonferansen vil bli halde i Bodø torsdag 22. august kl. 10.30 – 17.30.

Invitasjonen frå Statens Vegvesen kan du lesa her.