I samarbeid med Sparebanken Vest har NCE Maritime CleanTech etablert prisen “Årets klyngebedrift”. Prisen skal gå til ei av våre klyngeverksemder som har utmerka seg innan grøn teknologi og som ein aktiv deltakar i klyngesamarbeidet.
Prisen består av 100.000 kr og eit diplom. Vinnaren kan også bruka tittelen «Årets klyngedeltakar 2019» i promoteringsaktivitetar.
Målet med prisen er å stimulera til grøn innovasjon gjennom samarbeid, og å framheva klyngepartnarar som er gode ambassadørar for klyngesamarbeidet. NCE Maritime CleanTech ønskjer også å synleggjera kor viktig den grøne teknologiutviklinga er for verdiskapinga til norsk industri.
– Som følgje av ambisiøse internasjonale klimamål vil etterspurnaden etter grøn teknologi auke betydeleg i åra som kjem. Arbeidet som vert gjort i klynga er difor svært viktig for den framtidige verdiskapinga til norsk industri. Med denne prisen ønskjer me å heidra ein av klyngepartnarane som har utmerka seg på dette området, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Nominer din kandidat
No oppmodar me alle til gå inn og nominera bedrifter i klynga som ein meiner har gjort seg fortent til prisen. Kriteria er vedtatt av styret i NCE Maritime CleanTech, og er som følgjer:
- Verksemda har utvikla eller tatt i bruk ei løysing som bidreg til redusert energiforbruk eller utslepp frå maritime operasjonar
- Verksemda driv utviklings-/innovasjonsarbeid i samarbeid med partnarar frå klynga
- Verksemda har strategi for kommersialisering/fullskalabruk og skallering av løysingar
- Verksemda arbeider systematisk med å redusera eige karbonfotavtrykk og miljøpåverknad
- Verksemda er ein god ambassadør for klynga ved å framheva klyngesamarbeid i sitt arbeid
- Verksemda er aktiv deltakar i ulike klyngeaktivitetar (eks. årskonferanse, ressursgrupper, klyngeverkstad, workshopar osv.)
Nominasjonen stenger 1. november. Det er ikkje mogleg for ei bedrift å nominera seg sjølv. Prisen vert delt ut under årskonferansen på Solstrand 28.-29. november.
Nominer din kandidat nedanfor!