Statsbudsjettet for 2020 inneheld ei viktig gåvepakke til fylkeskommunane: 80 millionar til hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar.

I dag la regjeringa fram statsbudsjettet for 2020, der klima er ei av regjeringa sine hovudprioriteringar. Innanfor havnæringane er særleg prioriterte tiltak i 2020 auken av CO2- avgifta på 5%, styrkinga av Nullutsleppsfondet gjennom Enova og satsinga på grøn skipsfart.

Styrkinga på grøn skipsfart går til tiltak for auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband, og arbeidet med grøn flåtefornying av lasteskip.

Me ser det som positivt at regjeringa lyttar til industrien og ser behovet for å bidra med midlar til å utløyse auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband. 80 millionar er ein god start, men det er viktig at dette blir ei årleg løyving, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Dei viktigaste verkemidla for utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar for skip i statsbudsjettet for 2020 er:

Hurtigbåt
I revidert nasjonalbudsjett 2019 vart det sett av 25 mill. kroner til ei førebels ordning under Klimasats, øyremerka til utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar. Regjeringa foreslår at den førebelse ordninga vert utvida og styrkt med 80 mill. kroner for 2020. Formålet er å utløyse auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.

Ved framtidige revisjonar av kostnadsnøklane i inntektssystemet for fylkeskommunane, vil regjeringa ta omsyn til kostnadsauke som følgjer av at fylkeskommunane har stilt krav om låg- og nullutsleppsløysingar for ferje- og hurtigbåtsamband.

Offshorefartøy
Regjeringa vil vurdere å innføre krav om null- og lågutsleppsløysingar for nye driftsfartøy i samband med petroleumsproduksjon for å auke innfasinga utover det som blir utløyst av CO2- avgifta og eksisterande støtteordningar.

Lasteskip
Regjeringa set av 19 mill. kroner til arbeid for å realisere grøn flåtefornying av lasteskip. Løyvinga skal gå til konkrete prosjekt gjennom Grønt skipsfartsprogram.

Havbruksfartøy
Regjeringa vil vurdere krav om innføring av null- og lågutsleppsløysingar for servicefartøy i havbruksnæringa.

Fiskeriflåten
Fritaket for CO2-avgift (refusjonsordning) for fiskeflåten vert fjerna i dette statsbudsjettet, slik det vart varsla i fjorårets statsbudsjett.

Verkemiddelordningar
Regjeringa legg opp til å styrkje Nullutsleppsfondet for næringstransporten med 50 mill. kroner i 2020. Enova vil dermed over dei to åra 2019 og 2020 ha over 1 mrd. kroner til disposisjon for satsinga. Styrkinga av Nullutsleppsfondet vil setje Enova i stand til å trappe opp satsinga på nullutsleppsteknologi i næringstransporten og medverke til ytterlegare reduserte utslepp frå veg- og sjøtransport.

Regjeringa styrkjer satsinga på forsking for omstilling til lågutsleppssamfunnet, teknologiutvikling for det grøne skiftet og vellykka klimatilpassing med 35 mill. kroner til Noregs forskningsråd over Klima og miljødepartementets budsjett.

Regjeringa løyvar 700 mill. kroner i investeringskapital til Nysnø Klimainvesteringar AS. Det betyr at Nysnø i 2020 har ein investeringskapital på rundt 1,4 milliardar kroner.