Skal me bidra til at verda utviklar klimaløysingane som trengst for å halde den globale oppvarminga godt under to gradar, har vi ikkje råd til å vente med å stille krav om nullutslepp.

Å redusere utsleppa frå skipsfarten er avgjerande for at me innfrir nasjonale og regionale klimamål. Teknologiutviklinga som nullutsleppskrav til snøggbåtane vil føre med seg vil ha stor overføringsverdi til andre fartøykategoriar, og det vil bety mykje for konkurranseevna til industrien på Vestlandet.

Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet og Venstre vart i haust samde om ein felles politisk plattform for perioden 2019-2023. Her står det mellom anna at samarbeidspartia vil «Stille krav om nullutslepp i alle framtidige anbod i kollektivsektoren.»

Komande snøggbåtanbod i Sogn og Fjordane er det viktigaste kollektivanbodet i denne perioden. Det er ingenting som har endra seg sidan plattforma var vedteken som tilseier at ein bør gå vekk frå lovnaden om nullutslepp.

Norsk klimastiftelse, ZERO og NCE Maritime CleanTech har ei klår oppmoding til Fylkesutvalet i Vestland fylke: Ikkje utset krav om nullutslepp i komande snøggbåtanbod.

  • Vestland fylke bør oppretthalde ambisjonen om at alle hovudfartøy i rutepakke 1 skal vera nullutslepp seinast 1. mai 2024. Ei utsetjing av anbodet vil setje teknologiutviklinga på vent.
  • Også for rutepakke 2 og 3 bør ambisjonen vera at desse rutene vert operert med utsleppsfrie fartøy så raskt som mogleg.
  • Industrien er tydeleg på at dei er klare til å levera batteridrivne snøggbåtar i 2022 og hydrogendrivne snøggbåtar i 2024.  I samtalar med aktørar som ønskjer å levera grønt hydrogen til skipsfarten, vert det stadfesta at Q1 2024 er realistisk også når det gjeld leveransar av flytande hydrogen frå produksjon i Noreg.
  • I Handlingsplanen for grøn skipsfart som blei lagt fram i juni står det at: «Regjeringen vil arbeide videre med en støtteordning for fylkeskommuner som stiller krav om lav- og nullutslippsløsninger i hurtigbåtanbud, jf satsingen i Revidert nasjonalbudsjett 2019».
    Og vidare:  «Regjeringen har vedtatt i Handlingsplan for grønn skipsfart at kostnadsnøklene i inntektssystemet for fylkeskommunene skal ta hensyn til kostnadsøkninger som følger av at fylkeskommunene har stilt krav om lav- og nullutslippsløsninger i ferge- og hurtigbåtsamband.»
    Stortinget har i merknad til Statsbudsjettet for 2020 bedt regjeringa om å rapportere på framdrift på dette til revidert budsjett i 2020. Etter det vi kjenner til har staten i møter med representantar frå Vestland Fylke på nytt formidla at fylkeskommunar vil bli kompensert for utgifter knytt til innkjøp av utsleppsfrie snøggbåtar.
  • Ein måte å unngå at teknologiutviklinga stoppar opp, samstundes som ein reduserer risiko for operatør og fylkeskommune, er å snarast sette i gong ein utviklingskontrakt for nullutsleppsdrift for rutepakke 1, med mål om kontraktstildeling innan utgangen av 2020.

Hege Økland
Dagleg leiar, NCE Maritime CleanTech

Lars-Henrik Paarup Michelsen 
Dagleg leiar, Norsk klimastiftelse

Marius Gjerset
Teknologiansvarlig, ZERO