BKK, Equinor og Air Liquide står i front for eit nytt initiativ som ønskjer å byggja opp ei komplett forsyningskjede for flytande hydrogen til den maritime industrien. Prosjektet er no tildelt 33,5 millionar frå støtteordninga PILOT-E, som skal bidra til at nye produkt og tenester innan miljøvennleg energiteknologi blir raskare utvikla og tatt i bruk.
Industriaktørane har som mål å gjera flytande hydrogen tilgjengeleg for kommersiell skipsfart innan første kvartal 2024. Prosjektet omfattar heile verdikjeda frå produksjon, lagring og transport til bruk ombord i konkrete fartøy. Dei andre prosjektdeltakarane er NCE Maritime CleanTech, NORCE, Norled, NorSea Group, Viking Cruises og Wilhelmsen.
Dette er eit viktig prosjekt, som me i NCE Maritime CleanTech er stolte av å vera ein del av. Me er sikre på at hydrogen vil mogleggjera store utsleppskutt i skipsfarten. Ved å få opp ei forsyningskjede for grøn hydrogen i Norge bidrar me til at fleire skip kan ta dette drivstoffet i bruk og til viktig industribygging for bedriftene på Vestlandet, seier dagleg leiar Hege Økland.
Grøn og berekraftig skipsfart er ein føresetnad for å oppnå nasjonale og internasjonale utsleppsmål. Internasjonal skipsfart peikar i dag på flytande hydrogen som eit av dei optimale nullutslepps-drivstoffa for skip med stort energibehov. Flytande hydrogen er blant anna vald til Noregs første hydrogenferje, som skal i drift for Norled på Hjelmeland-sambandet frå 2021. Konsortiet sitt mål er å bidra til vekst i marknaden ved å tilby flytande hydrogen produsert frå elektrolyse.
Vidare skal Willhelmsen saman med NorSea Group utvikla eit nytt og fleksibelt distribusjons-konsept for flytande hydrogen, som også omfattar nullutsleppskip og terminalar, på NorSea sine basar for lagring og bunkring. Norled, Wilhelmsen og Viking Ocean Cruises deltar i prosjektet som brukarar av hydrogenet i sine fartøy. Hydrogenterminalane vil også mogleggjera forsyning til andre typar sluttbrukarar, som bussar og tungtransport.
«Dette er ein viktig dag for industrien og for maritim sektor. I Noreg pågår det for tida hydrogenprosjekt innanfor cruiseskip, offshorefartøy, ferje og hurtigbåt, men for å få fart på skipsfarten sin overgang til nullutsleppsløysingar treng me å få opp ei forsyningskjede for grønt hydrogen. Dette prosjektet gir dermed stort potensiale for både industribygging og betydelege utsleppsreduksjonar», seier konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland.
«Air Liquide er stolt av å vera ein del av dette konsortiet. Me vil bidra inn i prosjektet med meir enn 40 års erfaring innan sikker og påliteleg produksjon og distribusjon av flytande hydrogen. Flytande hydrogen produsert frå fornybar energi vil bli eit konkurransedyktig nullutsleppsalternativ for skipsfarten når det vert produsert på strategiske lokasjonar i store volum, og når det vert tilbydd gjennom ei effektiv og sikker forsyningskjede. Vårt mål er å leggja til rette for ei effektiv forsyningskjede som set fart på denne overgangen, seier Frédéric Despréaux, VP Northern Europe and CIS Countries i Air Liquide.
“Denne verdikjeda vil bli den første av sitt slag i verda, og den blir eit viktig steg i utviklinga av reinare drivstoff for skipsfarten. Equinor er glade for å vera ein del av eit sterkt konsortium, og for å samarbeida med offentlege og private aktørar i det svært innovative og framtidsretta norske maritime økosystemet, seier Vice President for Low carbon solutions i Equinor, Steinar Eikaas.
«Me er glade for å kunne støtta eit ambisiøst og innovativt prosjekt som kan få stor betydning for utviklinga mot ein utsleppsfri skipsfart, både i Noreg og internasjonalt. Hydrogen er ein av løysingane med har store forventningar til, og dette prosjektet vil bidra til å fremme Noregs leiande posisjon innan utviklinga av grøne maritime løysingar», seier leiar for PILOT-E, Trond Moengen.
Om PILOT-E
Pilot-E-ordninga er eit finansieringstilbod til norsk næringsliv, etablert av Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Enova. Målet med ordninga er at heilt nye produkt og tenester innan miljøvennleg energiteknologi skal bli raskare utvikla og tatt i bruk for å bidra til utsleppskutt både i Noreg og internasjonalt.