Arne har vore ein svært viktig ressurs i klyngesamarbeidet vårt, og var blant anna sentral i utviklinga av det nyskapande logistikk-konseptet «Short Sea Pioneer», som har fått mykje merksemd. Arne var unik i si evne til å sjå nye moglegheiter gjennom samarbeid. Med sitt gode humør, store entusiasme og omfattande kunnskap om shipping og logistikk vil Arne bli djupt sakna i NCE Maritime CleanTech.
Våre tankar går til Arne sin familie og nærmaste, og me lyser fred over alle dei gode minna.