- This event has passed.
HAVLUNSJ: Grøn skipsfart med EU-støtte (webinar)
17th September 2020 at 11:30–12:30
Event Navigation
Bedrifter i NCE Maritime CleanTech har hatt stor suksess i å henta innovasjonsmidlar frå EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020. Til saman har det blitt løyvd over 500 millionar kroner dei siste to åra til klyngedeltakarane våre.
I denne havlunsjen presenterer me fleire pågåande europeiske pionerprosjekt som utviklar grøne maritime løysingar. Felles er deira sterke involvering av norske industripartnarar. I tillegg får ein siste nytt om dei nye programma for EU-prosjekt, det inkluderer både Horisont Europa, Green Deal og Innovation fund.
Seminaret blir opna av næringsminister Iselin Nybø.
Agenda:
- Noreg som grønt fyrtårn i EUs satsing på grøn maritim innovasjon – Iselin Nybø, næringsminister
- Grøn maritim innovasjon med EU-støtte – Marie Launes, head of communications EU projects TrAM, ShipFC, FLAGSHIPS
- Korleis klarte eit lite selskap frå Florø å få 45 millioner fra EU – Leif Stavøstrand, CEO, Evoy
- EU-prosjekt – korleis starta arbeidet? – Marte Jensen, EU advisor, NCE Maritime CleanTech
Påmelding i lenka over, alle som ynskjer å delta er velkomen. Når du registrerer deg, vil du få tilsendt ei lenke der du kan følgja webinaret. Vel møtt!
Merknad: Denne havlunsjen er tilpassa lunsjtida på konferansen The Ocean Digital same dag. HAVlunsj er ein serie med lunsjmøte i samarbeid og regi av VIS, Maritime Bergen, GCE Ocean Technology, NCE Seafood og NCE Maritime CleanTech.