Loading Events

Back to all Events

Framtidas bulkskip – klimavenleg sjølogistikk (workshop)

September 29

Event Navigation

Vareeigar Hydro utfordrar bedriftene i NCE Maritime CleanTech til å utvikla framtidas klimavenlege sjølogistikk. I dette prosjektet skal representantar frå heile verdikjeda delta, saman med industridesignarar frå Eker Design.

Representantar frå følgjande klyngebedrifter kan signalisera si interesse for å delta innan 11. september: skipsdesignar, reiarlag, systemintegrator, teknologileverandørar, energiselskap, FoU-aktørar, hamne- og logistikkaktørar.

Dette får bedrifta di ved å delta i prosjektet:

  • Delta som partner i eit innovativt prosjekt som kan føra til grønare løysingar for internasjonal sjøtransport.
  • Samarbeid med internasjonal vareeigar og anerkjente industridesignarar
  • Marknadsføring av deltaking i innovativt prosjekt i NCE Maritime CleanTech
  • Som deltakar i tidlegfase konseptutvikling i haust er bedrifta di betre posisjonert til å delta i vidareføringa av konseptet mot nye utviklingsfasar.


Vil du delta? Påmelding innan 11. september

Det er i første omgang sett av to datoar til workshopar i haust: 29. september og 3. november.

Vil du og dine kollegaer bidra? For å få vera med på dette samarbeidet må du melda di interesse før 11. september. Skriv kort grunngiving i e-post til . Ta kontakt med prosjektleiar Håvard Tvedte om de har spørsmål om deltakinga.

 

Details

Date:
September 29
Event Categories:
,

Venue

Bergen