NCE Maritime CleanTech har sett ned ein eigen «task force» som jobbar kontinuerleg med å gi innspel til regionale og nasjonale krisepakkar for industrien. Målet er å sikra aktivitet i klyngebedriftene, og at me ikkje taper innovasjonstakt i det grøne skiftet.

Korona-pandemien fører til store utfordringar i den maritime klynga. Desse utfordringane fører igjen til at viktig innovasjonsarbeid, som skal bidra til reduserte klimautslepp, blir sett på vent.

– Vårt hovudfokus no er å hjelpa bedriftene i klynga i denne utfordrande situasjonen. Samtidig jobbar me også for å få på plass tiltak som gjer at me ikkje taper innovasjonstakt i det grøne skiftet. Grøne løysingar vil ha eit stort eksportpotensiale i framtida, og det er svært viktig at ikkje utviklinga stoppar opp, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Klynga har den siste tida gitt innspel til ei rekkje krisepakkar som er under utarbeiding i regjering og storting, i fylkeskommunar og i verkemiddelapparatet.

– I ein situasjonen der normal drift er vanskeleg, kan det vera rett tidspunkt å etablera nye utviklingsprosjekt. Våre innspel viser til at slike prosjekt vil sikra aktivitet i bedriftene, og samtidig gjera at næringa kjem styrka ut i etterkant av denne krevjande perioden, seier Økland.

Forslag til tiltak som klynga har spelt inn er blant anna:

  • Utlysingar til nye privat-offentlege innovasjonsprosjekt, som til dømes utlysing av utviklingskontrakt for nullutslepps hurtigbåt
  • Betydeleg styrking (dobling) av miljøteknologiordninga til Innovasjon Norge
  • Tilleggstøtte frå verkemiddelapparatet til pågåande innovasjonsprosjekt, samt tidlegare utbetaling av støtte
  • Tiltak for å støtte eksportbedrifter som står i ein særskilt krevjande situasjon
  • Aktivt bruk av offentlege innkjøp for å sikre aktivitet i industrien

Klyngeadministrasjonen jobbar også aktivt for å innhenta og dela informasjon om relevante webinar og tiltak med klyngebedriftene.

Alle i klyngeadministrasjonen har heimekontor, og vil vera disponible for å drøfta aktuelle problemstillingar hos våre klyngepartnarar. Ta kontakt med oss dersom de har spørsmål/innspel til best mogleg støtte og oppfølging i ei utfordrande tid: post@maritimecleantech.no.