I dag la Stortinget fram ein ny tiltakspakke som skal bidra til å sikra bedrifter og arbeidsplassar. Fleire av tiltaka er direkte retta inn mot arbeidet med grøn skipsfart og fornybar energi.
Stortinget sin nye tiltakspakke som vart presentert 31. mars kjem med fleire gode tiltak som vil bidra til aktivitet i bedriftene og at viktig innovasjonsarbeid ikkje blir sett på vent.
– Det har vore jobba hardt, og vi har fått inn mange gode innspill frå næringane som no er berørt. Her er det verdt å trekke fram NCE Maritime Cleantech sine gode innspiel som vi her finn att i framlegga som er kome, seier stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland.
– Det er gledeleg å sjå at Stortinget har lytta til dei innspela NCE Maritime CleanTech har gitt, blant anna når det gjeld styrking av Miljøteknologiordningen, utvikling av utsleppsfrie hurtigbåtar og ekstraløyvingar til klyngene, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Nokre av tiltaka i pakken er:
- Ei auke på 185 mill kr (frå 565,5 mill. kr til 750 mill. kr) til Miljøteknologiordningen
- Stortinget ber Regjeringa om å kome tilbake innan revidert budsjett (mai 2020) med korleis det offentlege kan setja i gang utviklingskontrakter for nullutslepps hurtigbåtar
- Stortinget ber Regjeringa framskunda ein investeringsbeslutning for karbonfangst og –lagring og presentera denne seinast i statsbudsjettet 2021, samt setja i gang utredning av karbonfangst for forbrenningsanlegga i Bergen, Trondheim og Stavanger.
- Stortinget ber Regjeringa dobla budsjett for handlingsplan for grøn skipsfart med 100 mill kr og utarbeide eit finansieringsprogram for utskifting av nærskipsfartflåten
- Stortinget ber Regjeringa koma tilbake til Stortinget, seinast i statsbudsjettet for 2021, med ei utreiing og moglege finansieringsmodellar som kan sikra utbygging og realisering av prosjekt innanfor flytande havvind.
- Stortinget ber Regjeringa leggja fram forslag til fleire klimatiltak på norsk sokkel, seinast innan revidert budsjett, som også har potensiale til å utløyse fleire moglegheiter for norsk leverandørindustri
- Stortinget ber Regjeringa leggja frem forslag til fleire klimatiltak på norsk sokkel, seinast innan revidert nasjonalbudsjett, som også har potensiale til å utløyse fleire moglegheiter for norsk leverandørindustri.
- Ei styrking av løyvingar til klyngene med 50 mill. kroner.
MCT vil om kort tid sende ut informasjon om planlagde webinar som omhandlar ulike tiltakspakkar som er relevante for klynga.