Trøndelag, Vestland og Troms og Finnmark fylkeskommune har etablert eit samarbeid som skal leggja til rette for vidare utvikling, bygging, pilotering og drift av utsleppsfrie hurtigbåtar innan 2024. Prosjektet byggjer på erfaringane i utviklingskontrakten for fremtidens hurtigbåt som vart ferdigstilt i september 2019, og fleire fylkeskommunar har signalisert at dei ønskjer å delta i satsinga.
I første omgang inviterer fylkeskommunane til marknadsdialog om kva løysingar som er tilgjengelege, korleis utviklingsløpet kan og bør organiserast og kva behov næringa har for å lukkast. Invitasjonen er publisert på Doffin/TED: https://www.doffin.no/Notice/Details/2020-386822.
Det er sett av tid til videomøter frå og med 4. mai til og med 8. mai mellom kl 09.00 og kl. 16.00. Frist for påmelding til ein-til-ein møter og innlevering av innspelsnotat er 27. april kl. 16.00.
Estimert dato for publisering av kunngjering av konkurranse er 2. november 2020